Aarebrot: – Drevland kan vere ute av politikken

Professor Frank Aarebrot trur siktinga i korrupsjonssaka betyr kroken på døra for Trude Drevlands liv som politikar.

Frank Aarebrot

ALVORLEG: Frank Aarebrot meiner at Trude Drevland sin politiske karriere nok er over etter at politiet tok ut sikting mot ordføraren.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Min umiddelbare reaksjon når eg fekk høyra nyheita var ei kjensle av uendeleg tristheit. Men eg er sjølvsagt oppteken av at me må slå ned på korrupsjon for å hindra at korrupsjon skjer i samfunnet vårt.

Politiet bekrefter fredag at dei har teke ut siktelse mot Drevland og havnesjef Inge Tangerås. Strafferamma er inntil ti år.

I dag vart det kjent at både ordføraren i Bergen, Trude Drevland og hamnesjef Inge Tangerås er sikta for grov korrupsjon i cruisedåp-saka.

Aarebrot er klar på at dette får politiske konsekvensar for Drevland.

– Eg vil nok tru at dette betyr at ho er ute av politikken.

Høgre gjorde eit katastrofeval i Bergen 14. september, og det er klart at partiet mistar byrådsmakta og at Drevland uansett mistar ordførarkjeda.

Ikkje dømt

Aarebrot understrekar at Drevland endå ikkje er dømt i saka.

– No er det slik at også Trude Drevland er uskyldig inntil det motsette er bevist, ho må først bli tiltalt, ho er trass alt berre sikta. Det er framleis ein lang veg å gå. Men blir ho dømt er det nok snakk om obligatorisk fengselsstraff.

Politisk meiner Arebrot at veljarane har tatt eit standpunkt.

– Veljarane har allereie felt sin dom over den uroa som har vore rundt både ordførar og byråd, og me har hatt eit fritt val der folk har stemt andre inn. Slik kan ein seia at valet kom på eit riktig tidspunkt.

– Høgre er gjennom valet straffa av veljarane allereie. Kor mykje Trude Drevland skal straffast i tillegg, er ikkje så viktig for dei fleste bergensarar trur eg.

Trude Drevland

Trude Drevland tok ut permisjon 31. august, etter det vart klart at politiet opna opp att etterforskinga mot ho.

Foto: NRK

Vanskeleg situasjon

– Eg er ikkje trist fordi politiet gjer jobben sin. Men eg kan ikkje fri meg frå å tenka på at Drevland har hatt ein veldig vanskeleg livssituasjon, og at ho trass alt har gjort sitt beste for å promotera byen den tida ho har vore ordførar.

For Aarebrot er det ikkje kjensla av rettferd som dominerer.

– Eg tenker ikkje flott at rettsferdigheita sigrar. Eg har ikkje den kjensla, men meir kjensla av tristheit over at dette har skjedd.

Klokka 14.00 vart det arrangert pressekonferanse på politihuset i Bergen, der etterforskingsleiar Frode Karlsen oppdatert pressen om saka. Han stadfesta at Drevland er sikta, men vil ikkje gå inn på detaljar i etterforskinga.

Elden: Ikke nye nytt

– Vi noterer oss at politiet har tatt ut en formell siktelse. Det er uproblematisk for Drevland, og vil bekrefte hennes forklaring. Politiet har bekreftet at saken bygger på den redegjørelse hun ga 15. juni og ikke inneholder noe nytt, sier Trude Drevlands advokat John Christian Elden til NRK.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.