NRK Meny
Normal

«Vidar» vart ikkje som venta – vurderer å endre kva som er ekstremt

– Det var ingen grunn til å kalle dagens stormflod for ekstrem i Bergen.

Stormflo ved Bryggen i Bergen

TRUGA ALDRI: Det var berre på Dreggekaien (nærast) at vatnet gjekk over kaikanten i denne delen av Bergen i dag. På Bryggen var det meir som skulle til.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det var varsla stormflod og ekstreme tilstandar i tre vestlandsbyar i dag. Ekstremvêret «Vidar» skulle ta sjøen langt over kaikantane og potensielt gjera stor skade.

Då sjøen var på topp i 11.00-tida var det lite som minna om herjingar. I Bergen er meteorologane overraska.

For når vatnet trugar verdsarven Bryggen er det mange som held pusten. Frå kaikanten ved Vågen og inn til veggane på trehusa går det i nedoverbakke.

Difor er faren for overfløymingar stor når vatnet først renn over kanten.

Rant ikkje over

Det har skjedd fleire gonger. På Vêrvarslinga på Vestlandet reknar dei at vatnet går over på Bryggen når vasstanden passerer 205 centimeter over sjøkartnull (det nivået vasstanden sjeldan går under).

– I dag ser det ut som vasstanden vil ligga mellom 220 og 225 centimeter. Etter det eg kjenner til, vil vatnet då gå over kanten på Bryggen, sa meteorolog Martin Granerød til NRK før stormfloda.

Fasiten: 218 centimeter over sjøkartnull.

Flo i Bergen under ekstremværet Vidar

NESTEN: Vatnet steig til 218 centimeter over sjøkartnull, men utløyste ingen skader i Hordaland i dag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det var likevel ingen oversvømming i trehusa på Bryggen. Faktisk var det aldri i nærleiken. Kaikanten på Bryggen hadde fleire centimeter til gode før det var fare for verdsarven.

Det var berre på Dreggekaien like i nærleiken at vatnet rant over kanten. Det same skjedde i Sandviken.

– Vi synest det er rart at ikkje sjøen då har gått over kaikanten framfor Bryggen. Men kanskje er Bryggen meir robust enn vi trudde, seier meteorolog Frode Hassel når han summerer opp ekstremvarselet.

En padler tar vannveien over Dreggebryggen ytterst på Bryggen i Bergen.

Sjøen var såpass høg at padlarar kunne flyte over kaien på Dreggen.

Vurderer ekstrem-endring

Hassel fortel at kriterium for ekstremvarsel i Bergen blir utløyst når prognosane syner ei vasstand på 215 centimeter over sjøkartnull.

– I dag var vi tre centimeter over det, så sånn sett var jo varselet riktig.

– Men det kan sjølvsagt bli aktuelt å heva dette kriteriet, når vi ser korleis det gjekk i dag. Det var ingen grunn til å kalla dagens stormflod for ekstrem i Bergen i dag, kommenterer Hassel.

Høg bryggekant

Dei som kjenner kaien best, fortel derimot at kaikanten på Bryggen er langt høgare enn det talet meteorologane går ut ifrå.

– Kaikanten framfor Bryggen ligg på 220 centimeter over sjøkartnull. Men Dreggekaien, rett utanfor SAS-hotellet, ligg lågare. Det er alltid den som vert våt på føtene først, seier logistikkansvarleg Frode Sagmo i Bergen Hamn.

Direktør Bernt Håvard Øyen i Stiftelsen Bryggen fortel at Bryggen i 2006 fekk installert tilbakeslagsventilar som hindrar sjøvatn i å trenge inn.

– Det har gitt veldig god effekt på å hindra flaum, seier Øyen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.