Hopp til innhold

«Vi må fokusera på det faglege, og ikkje grava oss ned i tragedia»

40 personar var med i identifiseringsarbeidet etter helikopterstyrten på Turøy. Identifiseringa gjekk raskare enn Kripos' ID-sjef hadde venta.

Peter Angel

KREVJANDE JOBB: – Våre folk er vand med dette. Det er jobben deira til dagleg å kunna handtera tragediar og drapssaker, så synsintrykka er dei vand med. Men det er klart at det blir valdsamt når det er såpass mange på ein stad, seier Per Angel, leiar for Kripos' ID-gruppe.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Etter helikopterstyrten på Turøy fredag, har Kripos hatt 35 personar på staden for å identifisera dei 13 omkomne. I tillegg har fem personar jobba med DNA-analysar i Oslo.

I dag pakka det store teamet på Turøy ned, etter å ha identifisert ofra raskare enn venta.

– Vi hadde venta å bruka tre til fem dagar på denne jobben, men var ferdige i løpet av to dagar. Det betyr at alle ledd, DNA-analysene og dei odontologiske undersøkingane, har klaffa. Vi har hatt samanlikningamateriale frå Vest politidistrikt, og alle ledd har jobba effektivt, seier Per Angel, leiar for ID-gruppa i Kripos.

– Det blir valdsamt

– Korleis er det å jobba på ein slik plass?

– Våre folk er vand med dette. Det er jobben deira til dagleg å kunna handtera tragediar og drapssaker, så synsintrykka er dei vand med. Men det er klart at det blir valdsamt når det er såpass mange på ein stad. Men igjen: Dette er trente folk. Ein må fokusera på den faglege utfordringa her, ikkje tragedien. Gjer ein det, må ein finna ein annan jobb.

– Korleis vil du skildra denne samanlikna med andre ulykkesstader?

– Det er mange ulike, men denne liknar på det vi har sett før i samband med flyhavari. Det er både ulike miljø, topografi og den type ting, men det er også både over og under vatn. Det har vi erfaring med frå før, seier Angel.

Viktig å finna svar

Sjølve identifiseringarbeidet er ferdig, men Kripos gjer framleis etterarbeid.

– Vi er no i ein avsluttande fase. Vi driv no og avviklar ID-sentralen, og er i ferd med å pakka og reisa heim i dag. Det vil enno vera ein del etterarbeid, men identifiseringsarbeidet ser vi oss ferdige med, seier Angel.

Han fortel at hans tilsette mobiliserer stort i slike situasjonar, fordi dei veit kor viktig det er å finna svar. Det gir stor drivkraft. Samstundes går ein inn i ei boble under arbeidet.

– Heilt klart. Det må ein nok gjera for å kunna fungera i ei slik rolle, seier Angel.

– Snakkar de om arbeidet i etterkant av det de har sett?

– Ja. Alle yrkesgrupper utviklar ein sjargong eller utluftingsmetodikk. Det er viktig at vi fokuserer på dei faglege utfordringane, og ikkje grev oss ned i tragedia, seier Kripos' ID-sjef.