Hopp til innhold

«Vårherre var ikkje heilt stø på handa då han laga Noreg»

I det stille har fylkesmann Lars Sponheim i haust besøkt 28 av dei 33 kommunane i Hordaland med gode råd om samanslåing. Han innrømmer at samanslåing kanskje ikkje er fullt så frivillig som ein kan få inntrykk av.

Lars Sponheim

HEILE FYLKET: Fylkesmann Lars Sponheim har besøkt 28 av 33 kommunar i haust for å snakke om kommunereforma. Dei resterande fem besøkjer han på nyåret.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

– Eg har prøvd å formidle det som ligg i kommunereforma og i Stortingsvedtaket, seier fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim.

Han har fått klar beskjed frå departementet at den viktigaste oppgåva hans no og framover, er kommunereforma.

– Dei er sjølve sjefar

Alle kommunestyrerepresentantar har fått den same informasjonen, nemleg at det er til deira eige beste å sjølv gå saman med nabokommunar.

– Eg har lagt veldig vekt på at det er kommunestyra og kommunerepresentantane sjølve som er sjefar i denne prosessen. Eg er berre ein coach som står på sidelinja og heiar, som forklarer, og som gir nokre gode råd, seier han.

Sponheim seier kommunane står fritt til å gjere vedtak, men han har lagt vekt på at det er klokt for kommunane å skaffe seg kunnskap ved å greie ut nokre alternativ.

– Det er det dei eigentleg er invitert til, nemleg å setje i gang samtalar med naboane og greie ut. Så endar ein opp med ein situasjon som kanskje er det mest krevjande vedtaket nokon gong for kommunestyra, nemleg å ta stilling til dette, seier han.

– Uansett færre og større

Det handlar kanskje om ei økonomisk gulrot på den eine sida, og kanskje om ein trussel om tvangssamanslåing på den andre.

– Eg tillèt meg å seie at det er frivillig, men ein kan nok ta eit lite hermeteikn rundt. Det er nokre sterke fordelar å oppnå ved å gå frivillig inn, og kanskje er det også ein krevjande situasjon å bli ståande åleine, seier Sponheim.

Om fem år er det nokså sikkert langt færre enn 33 kommunar i Hordaland, men nøyaktig kor store dei blir veit ikkje eingong Sponheim.

– Me endar ikkje opp med ein standard A4-kommune av ein viss storleik, for Vårherre var ikkje heilt stø på handa då han laga Noreg, seier han.

– Eg har ikkje noko nytt kommunekart i Hordaland i hovudet. Me får summere opp korleis kartet blir når det er ferdig. Uansett fører dette oss til færre og større kommunar, seier Sponheim.

Fylkesmann Sponheim fortset si rundreise etter nyttår, og skal då besøkje dei siste fem kommunane i fylket.