Hopp til innhold

Tor kan skape trøbbel for flytrafikken

Det varsla ekstremvêret kan skape forseinkingar i flytrafikken i ettermiddag. Reisande blir oppfordra til å møte opp til normal tid og følgje med på oppdateringar frå flyselskapa sine.

NORWEGIAN-SAS på Gardermoen

KAN FÅ LANDINGSPROBLEM: Ekstremvêret Tor kan skapa trøbbel for flytrafikken fredag. Det er frykta sidevind i både Bergen og Haugesund, noko som gir vanskelege landingsforhold. (Arkivfoto)

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Flytrafikken går førebels som normalt i heile landet, men det blir andre bollar når ekstremvêret Tor slår til fredag ettermiddag.

SAS opplyser til NRK at dei no fyller ekstra drivstoff på dei flya som skal til Vestlandet i løpet av dagen. Vindprognosane syner vindkast opp mot 35–45 m/s og vindretninga er særleg ugunstig i Haugesund og Bergen.

Her kan det bli så sterk sidevind at flya får problem med å lande. Ekstra drivstoff gir flya moglegheit til å sirkle over flyplassane medan ein ventar på betre forhold, og moglegheit til å gå til ein anna flyplass skulle det bli for vanskeleg.

Følgjer vêrsituasjonen tett

På Bergen lufthamn, Flesland, følgjer Avinor vêrsituasjonen tett. Førebels går altså flytrafikken som normalt. Avinor oppfordra reisande til å møta opp på flyplassen som vanleg og følgje med på informasjon frå flyselskapet.

– Vi har hatt ein god del uvêr siste åra, og har fått faste rutinar på det. Vi går over og sjekkar alt det praktiske, til dømes at naudaggregat fungerer, seier flyplassjef Aslak Sverdrup på Flesland.

Møt opp til normal tid

Han seier dei er godt førebudd på kva som er i vente. Men han er spent på korleis vinden vil bli frå klokka 12.00 og utover ettermiddagen.

– Fram til klokka 12.00 er det sørleg retning på vinden, noko som er gunstig for oss. Men etter det ser det ut til at den skal dreia meir mot vest. Då kan det bli spesielt krevjande å fly inn.

Han gjentek at passasjerar må møte opp til normal tid.

– Vi kjem til å halda opent så lenge som mogleg. Så får vi sjå korleis det går midt på dagen. Men tryggleiken er det viktigaste for oss.

På Ålesund lufthamn, Vigra, ber dei også reisande om å følgje med på oppdateringar frå flyselskapa. Avinor fortel at vindretninga går langs rullebanen, noko som gjer at flya kan letta og landa trygt, sjølv om vinden er sterk.

Flygingane til Widerøe har så langt gått etter rutetidene eller med berre nokre minutts forseinkingar på dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane.

Widerøe lar sine passasjerar som skal ut å fly i dag, bytte billett til avgangar på laurdag eller søndag.