NRK Meny
Normal

– Kan bli katastrofalt å berre stenge parken

– Erfaringane frå Sveits då vi stengde "Needle park" var at det enda i katastrofe, seier professor Ambros Uchtenhagen, som tysdag besøkte Bergen for å snakke om Nygårdsparken. Han trur sprøyterom er del av løysinga.

Valdtekt i Nygårdsparken

Tidleg i haust blei det klart at byrådet i Bergen til sommaren stengjer Nygårdsparken, og dermed ein av dei største, opne russcenene i Europa. Årsaka er at parken skal pussast opp.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Tidleg i haust blei det klart at byrådet i Bergen til sommaren stengjer Nygårdsparken, og dermed ein av dei største, opne russcenene i Europa. Årsaka er at parken skal pussast opp.

UTSATT: Sprøyter ligger slengt i barnehagens nærområde.

UTSETT BARNEHAGE: For mange av Nygårdsparkens naboar har brukte sprøyter blitt ein del av kvardagen. For dei tilsette i Nygårdsparken Barnehage har det å samle brukarutstyr etter narkomane, blitt ei rutine dei gjerne skulle sett forsvinne.

Foto: Linn Mevold Skogheim

Naboar og bebuarar på Nygårdshøyden har i årevis kravd at politikarane tar tak i den pågåande narkohandelen som sidan 70-talet har gått føre seg i parken.

Tysdag arrangerte Universitetet i Bergen ein dagskonferanse om opne russcener, i kjølvatnet av avgjerda om å stenga parken førstkommande sommar.

– Kan gå frå ille til verre

For det har herska usemje om nøyaktig kva slags tiltak som skal til for at Nygårdsparken igjen skal bil ein stad alle byens borgarar kan bruka.

Ambros Uchtenhagen

SPRØYTEROM FUNGERER: Professor Ambros Uchtenhagen besøkte tysdag Nygårdshøyden i Bergen, for å snakke om erfaringane frå Zürich då politikarane i byen stengte 'Needle park', den største opne narkoscena i byen. Han trur sprøyterom er eit effektivt hjelpemiddel.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Då UiB-konferansen starta tysdag, var meir enn 40 institusjonar, organisasjonar, politikarar og fagfolk invitert.

Mannen som opna konferansen, Ambors Uchtenhagen, er kjent i sitt fagmiljø som ein av hovudmennene bak strategien som fekk den berykta "Needle park" i Zürich i Sveits til å gå frå ei svær, open russcene midt i byen, til ein park open for alle.

– Då politikarane i Zürich fyrste gong stengde parken for å få bukt med heroinmisbruket, enda det i katastrofe. Det blei tusenvis av nye brukarar, og både brukarar og langarar spreidde seg over heile byen, inn på torg og skulegardar.

I dag er det langt mellom openlyse sprøytemisbrukarar og heronisal på gata i Zürich, fortel Uchtenhagen, som trur stenging åleine er dårleg nytt.

Framleis uaktuelt med sprøyterom

ulstein

UAKTUELT MED SPRØYTEROM: Erfaringane frå Zürich åleine er ikkje nok til å overtyde sosialbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF), om at sprøyterom eller assistert behandling med medisinsk heroin er vegen å gå når Nygårdsparken stengjer til sommaren.

Foto: NRK

Erfaringane frå Zürich skremmer likevel ikkje sosialbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF). Han er like overtydd som før om at sprøyterom ikkje er vegen å gå.

– Det vi høyrer her, og for så vidt andre stader, gir oss ulike perspektiv. Frå vår side er det klårt at vi ikkje vil etablere sprøyterom.

Men Uchtenhagen hevdar det er svært effektivt?

– Ja, men vi har andre erfaringar som viser andre ting. Frå Oslo får vi meldingar om at sprøyterommet bidreg til meir ulovleg bruk, og dessutan har vi no fått tal som tyder på at dei som bruker sprøyteromma, gjer det svært sjeldan, kanskje bere ein til to gonger i månaden.

Stenging av parken forverra narkoscena

Men erfaringane frå Zürich kan vise seg relevante for Bergen. Dei to byane har mange fellestrekk når det kjem til rushistoria.

Sidan slutten av syttitalet utvikla Platzspitz Park seg frå vere ein park i byen, til å huse ei narkoscene der prostitusjon, narkohandel og anna kriminalitet openlyst florerte.

Politikarane svarte med forbod og hard justis. I 1992 stengde dei ned parken. Det gjorde vondt verre, fortel Uchtenhagen.

– Vi fekk ein auke i talet på nye heroinmisbrukarar, og AIDS-epidemien blant sprøytenarkomane eksploderte. nbsp;

Ettersom scena blei splitta, blei det rekruttert endå fleire ungdommar til heroinmiljøet.

Skal gjere meir enn å stenge av parken

Sosialbyråden seier kommunen har eit godt samarbeid på tvers av politiske skil, og at dei har ei rekkje tiltak som skal gjere stenginga av parken leveleg.

Ambulanse i Nygårdsparken

SKAL RYDDAST TIL SOMMAREN: Ingen kjenner konsekvensane når Nygårdsparken, ei av dei største, opne narkoscenene i Europa, neste sommar stengjer porten. I Zürich gjekk det frå vondt til verre første gong den sveitsiske byen stengde 'Needle park' for narkomane. Her er ei av mange ambulanse-utrykkingar til parken.

Foto: NRK

– Vi skal blant anna ha mottak og oppfølgjingssenter ute i bydelane. Det er eit tiltak vi har trua på.

Men både medisinsk heroin og sprøyterom er altså enn så lenge uaktuelt i Bergen, seier han.

– Men kva tenkjer du om at erfaringane frå Zürich er klåre på at dette hjelper?

– Vi har som sagt høyrt om erfaringar frå mange ulike stader, ikkje berre i Sveits. Og nei, vi har ikkje sett behovet for å opprette sprøyterom her.

Vanskelegare å hjelpe

Dei narkomane flytta seg til eit nytt område, ein nedlagt jernbanestasjon. No visste heller ikkje politiet kvar dei skulle finna verken langarar eller gjengar som slåst.

Også i Bergen har fleire uttrykt uro over kva som skjer når parken stenger. nbsp; Ifølgje Uchtenhagen, er det god grunn til å frykta stenginga, dersom ikkje andre tiltak blir sett i verk samtidig.

Hjelpeapparatet fekk ein vanskeleg jobb med å lokalisere overdoseoffer, og fleire omkom enn tidlegare.

– Det kom opptil 3000 besøkande til narko-området kvar einaste dag, anten for å få stoff, eller handle. For å slå ned på misbruket, innførte politikarane ikkje berre forbod mot omsetjing og bruk av stoffet, men òg forbod mot å gi narkomane sprøyter.

Måtte tenke nytt

Først då politi, hjelpeapparat og styremakter gjekk saman om å tenje nytt, greidde dei å endre narkoscena i Zürich, fortel Uchtenhagen.

For då politikarane bestemte seg for å stenge Letten, den nedlagde togstasjonen som hadde tatt over som "narkopark" i byen, gjorde dei det samtidig som fleire andre tiltak.

– Kvifor gjekk det så bra då vi stengde Letten, berre tre år etter den katastrofale stenginga av Platzspitz?

Svaret på det spørsmålet, har fleire delar, held Uchtenhagen fram.

– Reine, hygieniske sprøyterom gjorde at dei tunge misbrukarane ikkje lenger måtte gøyme seg vekk. Dei fekk ein stad å levere brukt utstyr, det blei mindre infeksjonar og langt mindre søppel som sjenerte andre.

I tillegg utgjorde sprøyteromma ei mulegheit for å komme seg ut og få hjelp.

– Frivillige organisasjonar og anna sosialhjelp var til stades på sprøyteromma, og får kontakt med dei som er slitne av det jaga misbrukarlivet.

Samarbeid og utfyllande tiltak

Tre år etter at stenginga av "Needle park" kasta Zürich ut i ei heroinkrise, med eit aukande tal unge på heroin, aukande smitta av HIV og AIDS, og tusenvis av besøkande som oppsøkte parken for å skaffe stoff, klarte Zürich altså det mange i Bergen håpar skal kunne skje, også her.

Nygårdsparken

I DET SKJULTE: Er det grunn til å tru at narkosalet og bruken vil forsvinne, berre fordi parken stengjer? Eit av spørsmåla som blei lufta under UiB sin ruskonferanse tysdag, var kvar dei narkomane i byen skal halda til når Nygårdsparken stengjer.

I dag er det ifølgje Uchtenhagen langt mellom dei tungt narkomane i Zürich.

– Forbod og hard justis førte ikkje fram. Først då politi, politikarar og hjelpeapparat gjekk saman, fekk vi til noko. Det nyttar ikkje å late som om brukarane skal slutte fordi dei får "kjeft".

For i tillegg til sprøyterom, med sikker tilgang til reint utstyr og sosialarbeidarar til stades, fekk alle straffedømde på grunn av omsetjing eller bruk av heroin, tilbod om behandling i staden for straff.

– Og for dei aller tyngste, der vi ser at metadon eller subutex-behandling av ulike årsaker ikkje fungerer, har vi i dag assistert bruk av medisinsk heroin.

– Vi har lykkast med å gjere heroin til eit veldig uattraktivt stoff, det er eit "tapar-dop".

Anbefaler sprøyterom i Bergen

På spørsmål om han trur Bergen vil møte dei same problema som Zürich gjorde, svarer den 85-årige professoren på denne måten.

– Eg veit for lite om Bergen til å konkludere. Men reint overflatisk vil eg sei ja, dette vil kunne skje her òg, dersom ikkje politikarane klarar å einast om ein felles strategi.

Kor viktige var sprøyteromma for at de lukkast?

– Dei er spesielt viktige. Det gir dei som ikkje lenger ønskjer å vere ein del av dette kriminelle miljøet, livsstilen som i dag følgjer med, eit høve til å lære korleis dei kan beskytte seg. Mange er trøytte av å jage rundt ute i kulda.

– Kva med medisinsk heroin i behandling, slik vi her i dag har Subutex og metadon?

– Det er marginalt, og berre eit tilbod til dei som verkeleg ikkje kan bruke noko anna. Slik slepp dei å skaffe stoffet sitt ulovleg, og vere ei del av den kriminelle verda, avsluttar psykiateren.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.