Hopp til innhold

«Statsraaden» kan bli tvinga til kai halve året: – Skipet vil forvitre

Omlegging av Sjøkrigsskulen si utdanning kan få dramatiske konsekvensar for «Statsraad Lehmkuhl». Eigarane fryktar for vedlikehaldet av Noregs største seglskip.

Tall Ships' Races Bergen

HEILÅRSDRIFT: «Statsraad Lehmkuhl» er Noregs største seilskute - og tek både kadettar og frivillige om bord. Her frå Tall Ships Races på veg inn mot Bergen i 2014.

Foto: Eivind Senneset

– Heilårsdrift er alfa omega for «Statsraad Lehmkuhl». Skipet tek seg fantastisk ut no, men det vil få dramatiske konsekvensar dersom vi vert liggande til kai over ein lengre periode, seier Håkon Vatle.

Han er direktør for Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl, som eig den 103 år gamle stålbarken som har heimhamn i Vågen i Bergen.

Sidan 2002 har ein avtale mellom Sjøkrigsskulen og eigarane av «Statsraad Lehmkuhl» gjort at første års kadettar seglar med skipet i september, oktober, november og delar av desember, som ein del av utdanninga.

Men no kan ei omlegging av utdanninga frå Forsvarets høgskule endre på dette.

– Avtalen med Sjøkrigsskulen gjer at «Statsraaden» kan ha heilårsdrift. Dei månadene vi ikkje har kadettar om bord, seglar vi opne og kommersielle tokter. Men haustane er vanskelege å dekke på andre måtar, seier Vatle.

– Dersom utdanningsreforma gjer at avtalen vert sagt opp, kan det føre til at «Statsraad Lehmkuhl» må ligge i opplag fleire månadar kvart år. Då vil skipet i mykje større grad forvitre, seier han.

Haakon Steinar Vatle, direktør i Statsraad Lehmkuhl

UROA: Direktør for Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl, Haakon Vatle, er uroa for kva ei omlegging av Sjøkrigsskulen kan få for skipet. – Mister vi avtalen med skulen har vi førebels ingen «plan B».

Foto: Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl

Skal spare 500 millionar

Stortinget har vedteke ei utdanningsreform i Forsvaret (ekstern lenkje), med målsetting om å spare ein halv milliard kroner og over 250 årsverk.

Truleg skal utdanninga på krigsskulane komprimerast. Dermed vil tida på Sjøkrigsskulen verte forkorta frå vel fire til tre år, ifølge sjef for Sjøkrigsskulen, Jon Ivar Kjellin.

Jon Ivar Kjellin

– GOD LÆRING: Skulesjef Jon Ivar Kjellin ved Sjøkrigsskulen seier det ikkje er ønskjeleg å slutte å bruke «Statsraad Lehmkuhl». – Vi ønskjer å vidareføre bruken av skipet, då dette er ein god læringsplattform for våre kadettar. Men det er for tidleg å seie korleis det vert, seier Kjellin.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Dersom utdanninga av kadettar vert forkorta, er det ikkje sikkert ein klarer å få inn eit tolv veker langt tokt om bord på «Statsraad Lehmkuhl», seier han.

Han forstår stiftinga si uro.

– Det vil vere synd dersom resultatet vert at «Statsraad Lehmkuhl» må ligge meir til kai. Skipet er ein viktig del av Bergen sin identitet og historie, og ein viktig del av den maritime kulturen i Noreg.

Tall Ships' Races Bergen

POPULÆR: «Statsraad Lehmkuhl» ligg til kai i Bergen når ho ikkje er på tokt.

Foto: Eivind Senneset

Start i 2018

Ei prosjektgruppe jobbar no med ulike løysingar for reforma, og skal legge desse fram for forsvarsstaben.

NRK har vore i kontakt med kontreadmiral Louise Dedichen, som er ansvarleg for arbeidet. Ho viser til Kjellin sine utsegn i saka.

Utdanningsreforma skal tre i kraft i 2018, og avgjerda om korleis den skal bli, vert truleg fatta innan november.

– Ingen «plan B»

I snitt har 80 kadettar vore med på «Statsraad Lehmkuhl» sine årlege haust- og vintertokter sidan avtalen vart inngått i 2002.

Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl står utan ein plan dersom Sjøkrigsskulen seier opp avtalen.

– Vi må finne ein «plan B» dersom denne kontrakten går ut, men det er soleklart utfordrande å finne andre aktørar som kan nytta skipet på same måte. Vi håpar i det lengste laget at Sjøkrigsskulen ser verdien av å fortsetje kontakten med oss, seier Vatle.