NRK Meny
Normal

«Sommaren» varer eit par dagar til

Med 21,3 grader var Stord den varmaste staden i landet i går. Også i dag og i morgon vil det vera sommartemperaturar på Vestlandet, men deretter blir det kaldare.

Stord Lufthamn Sørstokken

VARMAST: Stord Lufthamn var i går varmast i landet, ifølgje temperaturmålinga til Meteorologisk Institutt. Til no i dag har temperaturen komme opp til 20,2 grader på Stord Lufthamn.

Foto: Webkamera på Stord Lufthamn

– Sørstokken på Stord i Hordaland var varmast i landet i går med 21,3 grader og denne staden ligg godt an til å kunna bli varmast i dag også, seier meteorolog Jørgen Grønneberg ved Vervarslinga på Vestlandet til NRK.

Til no i dag har temperaturen kome opp til 20,2 både på Sørstokken og på målestasjonen Florida i Bergen, medan Særheim på Klepp i Rogaland allereie har hatt 21,1 grader i dag.

– Det er som oftast ei stund ut på ettermiddagen at det når toppen, seier Grønneberg.

Blir kaldare frå tysdag

Det tørre fine vêret har også ført til stor brannfare på Vestlandet, og det er kategori «raudt» både i Hordaland, Rogaland, Agder-fylka, Telemark og Buskerud.

I morgon vil vêret bli omtrent som i dag på Vestlandet, men det kan bli litt lågare temperaturar i ytre strøk på grunn av nordavind, og det kan skya litt til i Sogn og Fjordane.

– Frå tysdag blir det ei endring. Det vil fortsatt vera bra vêr på Vestlandet sør for Nordfjord, men det blir lågare temperaturar og makstemperaturen vil nok ikkje bli meir enn 15 grader, og gjerne berre 10-12 grader i ytre strøk, seier meteorologen.

Periodar med sol 1. mai

Onsdag og torsdag ser temperaturen også ut til å bli 10-12 grader, og det kan bli nordleg stiv kuling på kysten, særleg i Hordaland og sør i Sogn og Fjordane.

På fridagen 1. mai ser det ut til å bli opphaldsvêr på Vestlandet og periodar med sol før for Nordfjord.

LES OGSÅ: Her går værskillet i helgen | Sjå bileta frå maraton-festen

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik