NRK Meny
Normal

«Skrekkøya» med plast vekker internasjonal oppsikt: – Eg manglar ord

LISLA LYNGØYNA (NRK): Han har rydda fire tusen tonn søppel i India. Det han ser i Noreg sjokkerer.

Rune Gaasø og Kenneth Bruvik

– Eg har ikkje ord som dekkjer kva eg føler. Eg hadde aldri venta å sjå dette i naturskjønne Norge, seier FN-ambassadør Afroz Shah.

Han sette i gang den største strandryddinga verda har sett. På to år organiserte den indiske juristen og miljøforkjemparen ei storopprydding som reinska Versova-stranda i Mumbai for fire tusen tonn søppel.

No reiser han verda rundt for FN og slåst for miljøet. Synet som møter han vest i det norske havgapet smerter.

– Eg er fullstendig sjokkert over å sjå alt dette på ei aude øy. Folk kan snu ryggen til eller reisa andre stader om dei vil. Men kva med dyra som bur her?

FN-ambassadør plukkar plast i Øygarden

SJOKKERT: Afroz Shah frå India reiser verda rundt for FN. Det som møter han i Noreg er over fatteevne. – Kenneth (Bruvik, journ. merk.) sa det var ille, men eg venta ikkje dette.

Foto: Christian Lura / NRK

«Skrekkøya» blir forskingsprosjekt

19. april skreiv NRK om den ubebudde øya nord i Øygarden i Hordaland. Den verste øya eg har sett, konkluderte Kenneth Bruvik i Norges jeger- og fiskerforbund, og peikte på ørn og oterspor som gjekk over plast og skrot i fjøresteinane.

Den engasjerte miljøforkjemparen ville halda øya skjult, slik at forskarar denne veka kunne ta over øya.

– Det er tydeleg at mykje er lokalt avfall. Men det er også mykje som er merka med Nederland, England og Island, seier Marte Haave, forskingsleiar ved Uni Resarch Miljø.

No vert holmen ein eigen studie. Forskarar skal nemleg studera korleis miljøet på øya har blitt påverka av plasten, som har lege her i fleire tiår.

– Dette er ein såkalla «hot spot». Her er det så mykje plast at viss me ikkje finn effekt her, så finn me det ingen stader, seier Haave.

Børge Hagetun på Litle Lyngøyna i Øygarden

CHIPS: – «Best før april 2016». Denne er jo av nyare dato. Ser ut til å vera britisk salta chips, seier Øygarden-ordførar Børge Haugetun om dette funnet.

Foto: Christian Lura / NRK

– Galskap

Ordførar Børge Haugetun trakkar rundt i sin eigen skjergard, ytst i Øygarden. Med seg har han gjester frå utlandet, som har kome eins ærend til Noreg for å ta plastproblematikken nærare i augesyn.

– London Marathon. This looks like ours, seier journalist Thomas Moore i britiske Sky, og plukkar opp ei drikkeflaske frå fjøra.

For andre gong er han og filmteamet på innspelingsturné i Noreg.

Sist laga han dokumentar om plastkvalen på Sotra. Denne gongen er det ryddeaksjonen langs kysten han dokumenterer.

– På mykje av bosset er det skrive på engelsk. Dette er bos frå heile Nord-Europa. Det er galskap.

Hva er egentlig mikroplast, og kommer den til å ta livet av oss alle? Line drar til Lofoten, hvor mange tonn bittesmå plastbiter hvert år havner rett i matfatet til fisken. Kan vi gjøre noe for å stoppe mikroplasten?
Thomas Moore fra Sky News i Øygarden

SKY NEWS: Thomas Moore plukkar opp ei flaske på øya nord i Øygarden. «London Marathon. This is crazy».

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Nordmenn har eit spesielt ansvar

Ordføraren meiner fokuset på plastforureininga i havet må løftast. Det må opp på nivå med fokuset på klimagassutsleppa, meiner han.

– Forureininga har breidd seg over heile verda og forsøplar matfatet vårt. Dette må ein ta tak i på eit internasjonalt nivå, seier Haugetun.

Sidan 2015 har indiske Shah kjempa mot forsøpling av kloden. Han trur ikkje nøkkelen er meir storpolitikk.

– Det nyttar ikkje venta på lovverk og styresmakter. Det er ikkje styresmaktene som har gjort dette. Det er personar som har bestemt seg for å kasta dette frå seg, seier Shah og løftar opp ein sliten dunk i hardplast.

Plast-øya i Øygarden
Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

Han meiner nordmenn har eit spesielt ansvar å ta vare på den vakre, ubebudde naturen til neste generasjon.

– Havet og øyane her høyrer til Noreg og nordmenn. Det er eit enormt problem, men det er ikkje uoverkommeleg. Men ikkje vent på lovverket eller styresmaktene. Gå i lag og ta ansvar.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen