Hopp til innhold

"Server"-søl kan ha nådd Nordland

Olje frå "Server"-forliset ved Fedje kan ha spreidd seg langs heile norskekysten. Det er funnen hundrevis av tilgrisa sjøfugl i Nordland.

I dagesvis har kyst- og fagfolk prøvd å finne ut kva som har grisa til hundrevis av sjøfugl langs nordlandskysten.

Kvar oljen kjem frå, har vorte omtala som eit mysterium.

No meiner Statens Naturoppsyn at det kan vere olje frå ”Server”-forliset ved Fedje i Hordaland som er komen nordover.

- Vi ser ikkje heilt vekk frå at det i verste fall kan vere frå forliset ved Fedje, seier Leonard Mikalsen i Statens Naturoppsyn i Nordland.

Sendt fugl til testing

Mikalsen har saman med fleire andre undersøkt kysten etter at det i førre veke dukka opp hundrevis av tilgrisa sjøfugl, frå Træna i sør til Bodø i nord.

Dei har sendt inn fugl til testing, for å sjå om oljen kjem frå Fedje.

- Viss det hadde vore noko olje utanfor Nordland ein stad, er det rart at ingen har oppdaga det, seier Mikalsen.

Han trur difor det kan dreie seg om både olje som har rent nordover frå Fedje og fuglar som har fått olje på seg sørpå og teke han med seg nordover.

- Sannsynligvis er det ein kombinasjon, seier Mikalsen.

Oljesøl på Fedje
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX