Hopp til innhold

«Robert» dopa seg halve livet. Året etter at han slutta, blei han funnen livlaus på badegolvet

OSLO SENTRUM (NRK): – Eg sette dosar før eg la meg, og vakna med «kongefølelsen», fortel 46-åringen, som framleis må betale for eit halvt liv på anabole steroid.

"Robert" (46) brukte anabole steroider over halve livet

AVHENGIG: 46-åringen frå Oslo byrja med anabole steroid allereie som 15-åring. Han ynskjer å fortelje om konsekvensane, for å syne unge at dei må trena riktig og med tolmod.

Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen / NRK

– Eit år etter at eg slutta, vart eg funnen på badegolvet heime. Kroppen hadde kollapsa, seier «Robert» (46) til NRK.

Han vil bli intervjua anonymt av omsyn til borna. Men mannen frå Oslo ynskjer å fortelje kva langvarig bruk av steroid har gjort med kroppen hans.

– Eg hadde blodpropp, infeksjonar i lever og nyre. Men det psykiske har nesten vore verre. Eg har vore paranoid og gått på antidepressiva.

Tok steroid kvar dag

Allereie som 15-åring, på 80-talet, byrja «Robert» med det han til slutt vart avhengig av. Han likte merksemda frå jentene på skulen for kroppen han fekk.

Seinare eskalerte det. Frå 2001 til 2012 tok han steroid kvar einaste dag. På det meste vog han over 120 kilo, og hadde overarmar med ein halv meter omkrins.

– Eg kunne setje dosar før eg la meg til å sova. Om morgonen hadde eg «kongefølelsen», fortel 46-åringen.

Seks år etter at han slutta, må han framleis ha behandling. Kvar fjortande dag må han til sjukehus for å få sprøyter som skal gjere lungene betre.

"Robert" 46 frå Oslo

UNG: «Robert» byrjar med steroid allereie som 15-åring. Han likte merksemda han fekk for kroppen. På det meste hadde han overarmar med ein halv meter omkrets.

Foto: Roy Kenneth S.Jacobsen / NRK

– Internett har gjort det enklare

Ei av dei største dopingsakene i Noreg går no for Bergen tingrett. Sju menn står tiltalte for å ha produsert og selt store mengder dopingmiddel frå 2011 til 2016. Fleire hundre kundar landet over er identifiserte.

«Robert» kjenner ikkje til dei involverte, men har lagt merke til at det skal vera snakk om produksjon av over 100 kilo dopingmiddel.

– Det er mykje varer dei har hatt. Internett har gjort det mogleg å bestilla dopingmiddel på guterommet og få det levert på døra. Det er langt enklare å få tak i no enn før.

Christine Wisløff i Steroideprosjektet

BEHANDLINGSPROSJEKT: Christine Wisløff er prosjektleiar i det statleg støtta programmet Steroideprosjektet.

Foto: Roy Kenneth S.Jacobsen / NRK

Fleire tusen unge nordmenn

Tidlegare studiar syner at fleire tusen nordmenn brukar anabole androgene steroid, mange av dei unge gutar og jenter.

Steroideprosjektet ved Oslo universitetssjukehus jobbar med behandling og kunnskapsdeling for å få ned bruken. «Robert» har vore tilknytt prosjektet.

Prosjektleiar Christine Wisløff skal no vitne som sakkunnig i rettssaka i Bergen.

– Hjå dei som søker hjelp og behandling hjå oss er det mykje angst, depresjon og sosial tilbaketrekning. For nokon har det gått så langt at dei ynskjer å avslutte livet sitt. Det er også store hjarte- og karproblem, samt ein del infeksjonar i kroppen, seier Wisløff.

«Robert» jobbar stadig for å bli betre, og har tydelege råd til unge som ynskjer draumekroppen.

– Tren hardt på ein rein måte, ha tolmod og få i deg ordentleg mat, seier 46-åringen.