Hopp til innhold

«Plastkvalen» skal ut på 24 timars køyretur

Historia om «plastkvalen» har gått verda rundt etter at den blei skoten med magen full av plast. No skal skjelettet til Finland på feittreinsing før den kan stillast ut i Bergen.

Plastkvalen

Ni månader etter at gåsenebbkvalen blei avliva på Sotra, skal skjelettet til Helsinki for å gjerast klar til utstilling.

Foto: Frederik Økland, NRK/Ari Olavi Puolakoski, Universitetsmuseet i Bergen

I prosessen med å gjera den døde gåsenebbkvalen klar for publikum, står det eitt siste trinn att.

– Reingjeringa av kjøt og blod og gørr er vi no ferdige med. Det som står att er å reinse skjelettet for feitt, forklarar zoolog Terje Lislevand ved Universitetsmuseet i Bergen.

– Det er ein vanskeleg prosess som dei har spesialutstyr for å gjere på Naturhistorisk Museum i Helsinki. Dermed sender vi skjelettet dit, slik at dei kan gjera det for oss, forklarer han.

Køyrer skjelettet med bil til Finland

Heile skjelettet av gåsenebbkvalen, som var sjuk og blei avliva i slutten av januar i år, veg berre rundt 70 kilo. Det skal fraktast til Helsinki med bil. 24 timars køyretur kvar veg.

Zoolog Terje Lislevand og plastrester i hval

– Vi fann emballasje frå mat og andre ting. Alt frå sjokoladepapir til posar merka med «fresh chicken». Det var ei internasjonal samling av søppel, seier Terje Lislevand, om magesekkinnhaldet til kvalen.

Foto: Frederik Økland / NRK

– Grunnen til at vi vil bli kvitt feittet er at når vi skal montere skjelettet slik som eit kvalskjelett ser ut, må vi unngå at dette feittet renn ut på golvet, forklarar Lislevand.

I tillegg bryt feitt ned beinmateriale. Noko museet for all del vil unngå.

– Vi reknar med at reinskeprosessen i Finland vil ta eit par månader, og når den kjem tilbake skal vi byrje å montere den, seier zoologen.

Plastkvalen

Slik ser kraniet til gåsenebbkvalen ut før turen til Finland. Utan kjøt og blod, men fortsatt full av feitt.

Foto: Ari Olavi Puolakoski/Universitetsmuseet i Bergen

Målet er å kunna stilla ut skjelettet saman med dei 29 plastposane som blei funne inne i magesekken. Plastposane er allereie blitt ei svært populær og viktig utstilling på museet i Bergen.

LES OGSÅ: Plastkvalen gir besøksrekord på museum

Vil la publikum sjå den på nært hald

I kvalsalen på museet finst dei aller fleste typar kvalar ein finn i Nord-Atlanteren. Kvalar som kom til museet i Bergen på slutten av 1800-talet, og byrjinga av 1900-talet.

– Gåsenebbkvalen manglar i den samlinga, fortel Lislevand, som trur det blir ei heilt spesiell utstilling når historia om plastkvalen også skal stillast ut.

Høyr Lislevand fortelje om kvalen i Friluftsmagasinet!

Plastposer i hvalmage

29 plastposar blei funne i magen til gåsenebbkvalen som blei skoten på Sotra. Det førte til ei massiv merksemd for Universitetsmuseet i Bergen.

Foto: Terje Lislevand / Universitetet i Bergen

– Det gir skjelettet ein ekstra dimensjon med plasten, heile historia rundt, kva det førte til av merksemd for universitetet, og fokuset på plastproblematikken. Det er noko vi vil vise fram, seier han.

Men i motsetnad til dei andre kvalskjeletta som heng i taket, vil universitetet plassere gåsenebbkvalen på golvet, slik at publikum skal kunna sjå heile.

– Kvalane som er i utstillinga frå før heng i taket, og då ser folk dei berre frå undersida, seier Terje Lislevand, førsteamanuensis i zoologi, ved Universitetsmuseet i Bergen.

Slakter sjelden hval i Bergen

Sjå bildeserie frå avlivinga av gåsenebbkvalen i januar.

Foto: Frederik Økland / NRK