Hopp til innhold

«Moroskatten» får skulda for dyrare kollektivreiser

Momsauke er grunnen til at det blir høgare billettprisar på kollektivreiser i Hordaland. Men fylkespolitikarane har ikkje gitt opp kampen heilt endå.

Sanntidstavler for buss i Bergen

BLIR DYRARE: Frå 2016 vil prisen på ein enkeltbillett stiga med to kroner frå 35 til 37 kroner per billett. Noko av prisauken er det kulturmomsen som har ansvaret for.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Fredag la Fylkesrådmannen fram budsjettforslaget for 2016. Her kom det fram at kollektivprisane vil auka med 4.5 prosent i snitt frå neste år.

Det er to prosent meir enn det som den generelle prisauken legg opp til.

Me skal kjempa med nebb og klør inn mot Stortinget.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun

– Hordaland fylkeskommune må følga den generelle kostnadsutviklinga. Utgangspunktet var å legga på 2.5 prosent på billettane. No får me i tillegg ei auke grunna eit momspålegg frå åtte til ti prosent. Så det kjem på toppen av det andre, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

NAUDSYNT Å AUKA: Fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune Rune Haugsdal er klar på at slik situasjonen er no må billettprisane opp 4.5 prosent.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Momsen er den såkalla «moroskatten» som blei heva frå 8 til 10 prosent i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett

Ny avgift på gassdrivne bussar

I tillegg til auke i momsen kjem det ei ny vegbruksavgift på gassdrivne bussar.

– Korleis slår dette ut for Hordaland?

– Det slår negativt ut for oss. Med både momsauke og vegbruksavgift får me ein meirkostnad totalt sett på 23 millionar kroner.

Verknaden av forslaga vert på nær 50 millionar kroner for fylkeskommunen, medan ein berre får midlar til å dekka inn om lag halvparten.

Avhengig av Stortinget

– Kan det som skjer i stortinget når det gjeld statsbudsjettet få innverknad på kor mykje ein må auka billettprisane i Hordaland?

– Ja absolutt. Det vil få direkte konsekvensar. Me har ikkje økonomi til å kompensera for dei meirkostnadane som kjem her, seier Haugsdal.

KrF vil legga press på eiga stortingsgruppe for å unngå momsauke på bussreiser.

– Politisk må me ta tak i dette. Me har vår plattform der kollektivprisen ikkje skal stiga meir enn prisveksten. Me må inn å jobba mot sentrale myndigheiter. Eg har allereie byrja å ta kontakt med våre folk, og skal ha møte med dei om dette, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø frå KrF.

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

Varaordførar i Hordaland fylkeskommune, Pål Kårbø (KrF)

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Momsauken må vekk

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er ikkje fornøgd med korleis dei to forslaga slår ut for hordalendingane.

– Ska me nå våre mål om at fleire skal reisa kollektiv kan me ikkje gjera det dyrare å reisa. No startar det politiske arbeidet knytt til dette. Vårt utgangspunkt er prisstigningen, alt utover det ønsker me ikkje, seier Hestetun.

Momsauken må fjernast meiner ho.

– Me skal kjempa med nebb og klør inn mot Stortinget. Me har ein ambisjon om å nå igjennom med at auken i momsen på opplevingar og reiser må vekk. Momsen er grunnen til størrelsen på prisauken her i fylket.

Anne Gine Hestetun

TAPAR PÅ MOMSAUKE: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er ikkje fornøgd med forslaga frå Stortinget som vil gjera billettprisane i fylket dyrare.

Foto: Sølve Rydland / NRK