Hopp til innhold

«Lise» og 1000 andre har oppsøkt politiets nye hjelpetilbod

BERGEN (NRK): Politiet sine nye støttesenter for kriminaloffer vert omtalte som ein stor suksess. - Eg har fått mykje viktig hjelp, fortel «Lise».

Rådgjevar Sonja Auestad og «Lise» på støttesenteret.

HJELPER DEI SOM TRENG DET: Rådgjevar Sonja Auestad og «Lise» diskuterer vegen vidare på Støttesenteret for kriminalitetsutsette i Bergen.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Ho er ei av mange hundre som har fått hjelp på eitt av dei nye støttesentera så langt i 2018. Ho vil gjerne fortelja om det, men utan namn og bilete.

Støttesentera skal hjelpa folk som har vore utsette for straffbare handlingar som vald og overgrep. Som har fått spreidd intime bilete eller er utsette for menneskehandel. Dette har fått samlenemninga «integritetskrenkjande kriminalitet».

Rådgjevar Janne-Grethe Stigedal ved Støttesenteret for kriminalitetsutsette i Bergen

BREITT TILBOD: Rådgjevar Janne-Grethe Stigedal og det nye støttesenteret for kriminalitetsutsette i Bergen har alt hjelpt 150 personar så langt i år.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

I hovudsak er tilbodet retta mot dei som vurderer å melda ei sak til politiet eller som alt har gjort det. Så losar senteret desse fram mot endeleg dom i retten.

Det kan vera komplisert, psykisk krevjande og ikkje minst ta lang tid.

«Lise» har fått hjelp i tre månader

– Eg har kome hit ein gong i veka, og eg opplever at eg kan koma her så lenge eg treng det, fortel ho.

Saka ho melde til politiet er under etterforsking, og i tre månader har ho fått hjelp frå støttesenteret.

– Det var mykje som hadde hopa seg opp, så dei har hjelpt meg med bistandsadvokat, med forsikringar og med Nav. Eg har eigentleg fått mykje konkret og praktisk hjelp, seier «Lise».

Eitt senter i kvart politidistrikt

I 2017 vart det oppretta eitt slikt senter i kvart politidistrikt (ekstern lenkje) på oppdrag frå regjeringa.

Bergen har hatt dette tilbodet i eitt år, og fredag var det offisiell opning av senteret som held til på politihuset.

– Eg trur denne ordninga kan vera til svært god hjelp for dei ikkje har eit stort nettverk rundt seg, seier Hilde Cecilie Meyer. Ho har vore bistandsadvokat i 13 år.

Slik kjem du i kontakt med støttesenteret

NASJONALT NUMMER: Sentera har eitt felles nasjonalt telefonnummer. Det skal gjera det enklare å koma i kontakt med dei.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Det kan vera nokon som har meldt ein familiemedlem eller andre som vert sett høgt i samfunnet, som gjer at den fornærma vert ståande utan sosialt nettverk når saka er meld til politiet.

Men også dei som har venta ei stund er velkomne.

– Me har òg eit tilbod til dei som sit med gamle saker dei no ynskjer å melda, eller dei som skal søkja erstatning, seier rådgjevar Janne-Grethe Stigedal.

I Bergen har 150 personar fått hjelp dette fyrste året senteret har eksistert. I heile landet har 1090 personar nytta seg av tilbodet så langt i år.

Hjelper gjerne

Sentera har bygd opp eit omfattande tilbod. No startar jobben med å marknadsføra dette.

Solja Auestad

HAR PLASS TIL FLEIRE: Rådgjevar Sonja Auestad og det nye støttesenteret for kriminalitetsutsette i Bergen har alt hjelpt 150 personar så langt i år. Framleis har dei kapasitet til å hjelpa fleire.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

– Me har god kapasitet og me veit at behovet er der, men folk må få vita at me er her, seier Sonja Auestad, ein av to rådgjevarar ved senteret i Bergen.