Hopp til innhold

«Lakselys» gjorde at 4 av 10 lakselus forsvann

Led-lys som våpen i kampen mot lakselus har vist svært lovande resultat i Hardanger.

Skremmer laksen til å svømme dypere i merdene.

SJÅ VIDEO: Slik ser led-lysa ut i aksjon. Reportasjen er frå januar i år.

Tidlegare i år kunne NRK fortelje om det heilt spesielle våpenet mot lakselus som vart testa ut på sju oppdrettsanlegg i Hordaland.

No viser dei første resultata etter sju månader med testing svært godt resultat:

Funn av lakselus på Lingalaks sitt anlegg i Hardanger viser at fisken hadde 40 prosent mindre lus etter forsøka med led-lys.

– Lampane er blitt viktige i kampen mot luseproblemet, seier operativ leiar ved Lingalaks, Kasper Løberg Tangen.

– I merdane som har led-lys ser me ein betydeleg reduksjon i det smittsame stadiet av lakselusa.

Poenget med lysa er å lokka laksen djupare ned i sjøen. Dermed får han mindre lusesmitte, fordi lusa trivst best rett under vasskorpa.

Laksetilpassa lys

Lakselus

REVOLUSJON: Kasper Løberg Tangen ved Lingalaks meiner led-lys er ein førebyggjande lakselusmetode utan biverknadar.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Teknikken har vore forska på i fleire år. Men no er lysa spesialdesigna for laksen, seier utviklingssjef Ole Fretheim i Phillips.

– Hittil har det ikkje vore lys laga for laksens biologi, men det har me gjort. Laksen ser dette lyset veldig godt og blir trekt mot djupare vatn. Resultatet er mykje mindre lusepåslag.

Led-lysa deira er no brukt i forsøk hjå Lingalaks i sju månader, og for første gong ser ein positivt resultat av metoden i kommersiell oppdrett.

Forsker Frode Oppedal ved Havforskningsinstituttet

– KJEMPEBRA: Frode Oppedal ved Havforskingsinstituttet har forska på metoden som nå gir resultat også i kommersiell drift.

Foto: Havforskningsinstituttet

Kjemikaliefri metode

Lysa kan ikkje ta knekken på lusa heilt åleine, men ein slepp kjemikaliar til avlusing.

– Led-lys er ein revolusjon som førebyggande metode mot lusa. Dette er ein metode som verken påverkar fisken eller miljøet negativt, seier Løberg Tangen.

Havforskingsinstituttet har i mange år testa ut bruk av lys mot lakselus.

Forskar Frode Oppedal på Havforskingsinstituttet tykkjer det er svært gledeleg at metoden no også lukkast i kommersiell drift.

– Dette kan vera ein av mange tiltak oppdrettarar kan bruka mot lakselus. Det at Lingalaks får det til no er kjempebra.