NRK Meny
Normal

No startar selfie-køyret på Trolltunga: Fleire hundre tek turen i påska

Kraftig auke i utanlandske vinterturistar til Trolltunga, spesielt frå USA og Storbritannia. I år det venta ny besøksrekord.

Trolltunga

VAKKERT: Slik kan det sjå ut på Trolltunga ein vinterdag. Eit syn langt fleire utlendingar enn nordmenn trakter etter.

Foto: Trolltunga Active

Den sterke veksten i Trolltunga-turismen gjer seg gjeldande også på vinterstid. Det viser talet på deltakarar på dei guida turane til Trolltunga Active, etter at dei starta opp for sesongen 4. mars.

– Samanlikna med tidlegare år har vi ein fantastisk vekst. Vi har kring 200 bestillingar no i påskeveka. I fjor var det fem-seks kvar dag, fortel dagleg leiar Jostein Soldal.

Kring 300 personar har bestilt guida tur til turistattraksjonen i Odda hjå Trolltunga Active frå mars til mai. Oversikta over deltakarane, som NRK har fått sjå, syner at det ikkje er ein einaste nordmann mellom turistane.

I løpet av dei siste åra har turismen til den populære «selfie-attraksjonen» auka enormt. Frå 2010 til 2016 har talet på besøkande gått frå 800 til 80.000.

Og i år er talet venta å passere 100.000 for første gong.

– Berre utlendingar

– Det er berre utlendingar. I dag er det folk frå Panama, Mexico, Spania, og så vidare. Dei kjem frå heile verda, men ikkje frå Noreg. Det er vel blitt ein utanlandsk attraksjon. Nordmenn vel ikkje guida turar no om vinteren, seier Soldal.

Og lite tyder på at dei går på eiga hand heller.

– Sidan vi starta opp i mars, har vi ikkje møtt ein einaste som har gått turen på eiga hand, fortel Soldal.

Josten Soldal

SATSAR OM VINTEREN: Jostein Soldal i Trolltunga Active.

Foto: Egil Torheim / NRK

Flest frå USA og Storbritannia

Lista over deltakarar på dei guida turane syner at fleirtalet av vinterturistane kjem frå USA og Storbritannia, etterfølgt av Spania, Sør-Korea og Japan. Dei fleste er i alderen 20–45 år.

Medan fjoråret gav rekordår med negativt forteikn for Raude Krossen, har det ikkje vore ein einaste redningsaksjon på Trolltunga sidan mars.

– Men vi har måtta gi oss og snu fem-seks gongar på grunn av vêret, fortel Soldal.

Då får ikkje turistane pengane for guidinga tilbake.

– Dette er litt som nordlys-turisme, meiner Trolltunga Active-sjefen.

Får millionbeløp

Auken i vintersesongen har også samanheng med ei bevisst satsing, der Trolltunga Active har auka staben, inspirert av Lofoten si heilårssatsing.

Men det blir også satsa fram mot sommarsesongen i Odda.

Måndag blei det kjend at Odda får over 700.000 kroner frå fylkeskommunen for å få Trolltunga-turistane til å bli lenger i Odda, gjennom utvikling av tilbod innan mat, overnatting, opplevingar, aktivitetar og arrangement.

I førre veke kunne NRK melde at Trolltunga er mellom dei få, heldige utvalde til å ta imot midlar frå regjeringa gjennom «Nasjonale Turstiar»-prosjektet.