«Her kjem ho, den rasande elva»

Då vatnet rasa som verst i Opo i Odda sette forfattar Frode Grytten seg ned og skreiv ein tekst om flaumen i heimbygda. – Det er både spesielt, underleg, og frykteleg, seier han.

Forfatter Frode Grytten hjemme i Odda.

OM FLAUMEN: Forfattar Frode Grytten skreiv teksten «Den rasande elva» om flaumen på Vestlandet og i Odda i oktober. Bilete er tatt i heimbygda Odda.

Foto: Anders Malm / NRK
Voldsomt

STORE KREFTER: Elva Opo i Odda under oktoberflaumen.

Foto: Erik Rolandsen

«her kjem ho, den rasande elva
her kjem huset til Granheimen
her kjem huset til Espe
her kjem endå eit hus flytande
her kjem eit uthus og ein dobbel garasje
ja det kjem, no kjem det»

Slikt startar teksten Frode Grytten skreiv, og framførte i Salongen på P2 denne veka. Flaumen rasa førre veke på Vestlandet, og fleire hus vart tatt av i elva i Odda, heimbygda til forfattaren.

– Det er spesielt når samtlege av dei du ser blir intervjua er folk du kjenner. Vanlegvis skjer slikt andre stader og rammar andre folk, men dette var altså dalen min og mitt barndomslandskap som vart delvis rasert og delvis fór på elva, seier Frode Grytten.

«her kjem fotoalbum og kosebamsar og oskebeger
her kjem ei madrass og eit brannslokkingsapparat
ja, her kjem det
noko du aldri før har sett i Odda»

200-årsflaum og store elvar

kari Veste sitt hus i Odda

I LAUSE LUFTA: Kari Veste sitt hus hengande i lause lufta ved Opo i Odda.

Foto: NRK

På Voss var det først varsla 50-årsflaum, men denne vart til slutt meldt som 200-årsflaum. Vosso på Voss og på Evanger gjekk over så store breidder, og hadde så stor vassføring som elva ikkje har hatt sidan 1800-talet.

Elva i Odda tok fem hus, eit uthus, ein garasje, og ein buss. Fleire andre hus stod i fare for å bli tatt av Opo, ei elv Frode Grytten har eit nært forhold til.

– På den plassen eg vaks opp har me alltid høyrt suset frå elva. Når me spelte fotball og gjekk på epleslang så var det langs Opo, seier han.

– Det er ei skummel elv, det har den alltid vore, men det er særs skummelt når elva blir så til dei grader rasande og brutal som ho vart her, legg han til.

«150 millimeter nedbør siste døgn
770000 liter vatn i sekundet ned dalen
fem hus rasert
68 personar evakuert
ein av dei far min
far min er blitt hovudsak i nyheitene
noko du aldri har hørt før»

  • HØYR «DEN RASANDE ELVA» AV FRODE GRYTTEN:

«lampene sloknar i Odda og slår blå gneistrar
her kjem det
her kjem Sivilforsvar og politi
her kjem hagen til Nordli og det meste av Opovegen
og halve huset heng i lause lufta
kanskje kjem det, her kjem det kanskje
ingenting du har sett før»

– Me har rasert naturen

Frode Grytten skriv om elva som kjem, om Sivilforsvaret, politiet, geologen, og teknisk sjef som kjem. Journalistar og fotografar, direktesendingar og snakkehovuda, og politikarane kjem også.

– Det er noko rituelt over både journalistane og politikarane sin oppførsel som ein nokre gonger kan mistenke ikkje stikk så veldig djupt. Det ein saknar er kanskje ein mangel på at dette vert sett inn i ein større samanheng, seier Grytten.

– Det er naturen som raserer, men det er me som har rasert naturen. Det er noko hyklersk ved å vera på ein plass og vise støtte og omsorg, men så faktisk ikkje gjere dei tinga som ein må gjere for å hindre at dette skjer, seier han.

På tide å lytte

Opoelva

FEM HUS: Elva Opo tok fem hus i oktober.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Du skriv «mi elv denne gongen, neste gong er det di», er det ein slags kommentar til korleis du meiner det går med klimautviklinga?

Ja, me må slutte å drive å lure oss sjølv, og slutte å vera så egoistiske. Me må byrje å tenkje på kva me faktisk held på med her. Me pressar naturen på ulikt vis, me byggjer for tett, og me slepp ut store mengder gassar, seier Grytten.

– Me er rett og slett ikkje gode nok til å ta vare på det som me har rundt oss. Ekspertar seier dette vil skje i aukande frekvens, og det er på tide at me lyttar og ikkje berre skyv det framføre oss, seier forfattaren.

«her kjem global oppvarming og lyn og varmerekordar
ja det kjem, det kjem til å komme
du treng ikkje ein gong ei krystallkule
bare vent og sjå
mi elv denne gong
di neste gong, det kjem til å komme
ingenting du har sett før
ingenting du har sett før»

Slik ser det ut i Odda etter flaumen.

SJÅ VIDEO: Slik har flaumen herja i Odda.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.