Hopp til innhold

«Hamnesjefen» avliva: – Eit tydeleg bilete på at vi menneske set oss sjølve først

OS (NRK): Kjendissvana sin «advokat» rasar mot det han meiner var ei inhuman avliving. – Helt akseptabelt, seier Mattilsynet, medan ein sosiolog meiner avlivinga vitnar om eit menneskesentrert syn.

Havnesjefens familie

HAMNESJEFEN BORTE: Natt til torsdag vart «Hamnesjefen» i Os avliva med slag mot hovudet. Her er maken hans og ungane torsdag kveld.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Vi anerkjenner ikkje at andre dyr har rett til å leve i sine eigne habitat, slik det er naturleg for dei. Med ein gong dei kjem i vegen for oss er avliving løysinga, seier Ragnhild Sollund, professor ved institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo.

Sollund, som mellom anna har forska på forholdet mellom menneske og dyr, reagerer på at svana «Hamnesjefen» vart avliva natt til torsdag.

Ragnhild SOllund

UROA: Kriminolog Ragnhild Sollund meiner avlivinga av svana viser at menneske ikkje tek omsyn til dyr.

Foto: Universitetet i Oslo

– Dette er eit tydeleg eksempel på at menneske alltid set seg sjølv fremst. Vi skal fjerne alle hindringar, og tek ikkje omsyn til andre dyr. I staden for å anerkjenne at dyr har like stor rett til å vere her som oss, kanskje endå større, så drep vi dei.

Så du meiner det blir feil å reagere slik ein har gjort med svana i Os?

– Ja, dette synest eg var ei forhasta handling.

– Drapskommune

Heilt sidan Os kommune bestemte seg for at dei ville avlive «Hamnesjefen», har saka skapt stort engasjement blant folk.

Bergitte Wiik er ei av dei som har stått i spissen for at svana skulle få leve, og starta ein underskriftskampanje for «Hamnesjefen».

– I dag er eg ikkje stolt over å vere osing. Eg er forbanna og knust av sorg. Det er berre ein ting å seie: Gratulerer til Os kommune som atter ein gong har sett oss på kartet, denne gongen som drapskommune, seier Wiik.

Bergitte Wiik leverte 9910 underskrifter til Os kommune

SKAKA: Svanehjelpar Bergitte Wiik er djupt skuffa over at «Hamnesjefen» er avliva. Måndag demonstrerte ho mot planane om å drepe svana.

Foto: Mette Anthun / NRK

Sollund forstår at folk har engasjert seg i saka.

– Svana er eit flott, ikonisk dyr. Mange reagerer nok på det urettferdige i dette: At ei svane som har naturleg åtferd og beskyttar seg og avkomet sitt, skal drepast for det. Det kan opplevast som veldig hjartelaust, seier Sollund.

Sterke reaksjonar

Det var etter eit nytt angrep onsdag kveld at svana, som i fleire år har vore ein kjend attraksjon i Os, vart drepen. ​

– Svana vart roleg og fredeleg fanga inn, sett i bur, transportert vekk og avliva med eit slag i nakken eller hovudet, seier Øystein Svalheim ved Landbrukskontoret i Bjørnefjorden.

Det får Per Magne Kristiansen, som har vore organisasjonen Svanehjelpen sin advokat i saka, til å sjå raudt.

– Dette er slik ein gjorde på gardane i mellomalderen! Vi er i 2017, og skal vi avlive nokon gjer vi det på ein human måte. Vi slår dei ikkje berre i hel.

Også på sosiale medium har mange reagert på at svana vart avliva:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Men ifølge Mattilsynet var ikkje avlivingsmetoden inhuman.

– Når ein fugl får eit hardt slag mot hovudet vert den medvitslaus, og dermed bedøvd. Den vil då ikkje kjenne at ein kuttar eller riv av blodårene, slik at døden inntreff. Dette er prinsippet for avliving, seier seniorinspektør og veterinær Arve Per Viken i Mattilsynet.

Han understrekar at han ikkje veit kva vurderingar som vart gjort før «Hamnesjefen» vart avliva, men seier at å til dømes frakte svana til ein veterinær midt på natta, også kunne påført den unødig stress.

– Det er mange omsyn å ta, men i utgangspunktet meiner eg at dette var ei akseptabel avlivingsform av ein vill fugl som «Hamnesjefen», når avgjerda først var tatt.

– I overkant aggressiv

Viken får støtte frå Norsk Ornitologisk Forening.

– Når ein først har bestemt seg for å avlive svana, er det viktig at det vert ein rask og smertefri død. Det kan virke brutalt å slå den i hel, men ei avliving er nødvendigvis brutal. Nøkternt sett trur eg dette er ein grei metode å avlive på, det er effektivt og slik ein gjerne gjer det på fuglejakt, seier generalsekretær Kjetil Solbakken.

Mange har argumentert for at svana skulle flyttast, og seinast på tysdag tok Modum kommune til orde for å gi svana amnesti på Austlandet. Tidlegare har det også vore vurdert å flytte svana til Tysnes, men det sa Miljødirektoratet nei til.

– Det er eit stort dilemma om ein skal flytte ei slik svane eller ikkje. I utgangspunktet ønskjer vi at ville dyr skal vere der dei er, og svaner flyr – så om flytting alltid er vellykka veit vi ikkje. Det er jo ein teoretisk sjanse for at fuglen kan returnere, seier Solbakken.

Kjetil Solbakken

FORSTÅELEG: Generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening seier han har forståing for avgjersla om å avlive «Hamnesjefen», i lys av hendingane som har funne stad i Os.

Foto: Helene Solheim / NRK

Kommunar har ifølge regelverket moglegheit til å felle enkelte viltartar dersom dei utgjer fare for allmenn helse og sikkerheit. Dette gjeld hjortevilt, villsvin, canadagås og knoppsvane.

– Knoppsvana er med her, fordi ein veit at enkelte knoppsvaner kan verte svært aggressive i hekketida. Folk flest veit at ein bør halde seg unna ei elgku med kalv, men det er kanskje ikkje så mange som er klar over at det er heilt normalt at ein knoppsvane-hann er aggressiv. Likevel har «Hamnesjefen» vore i overkant aggressiv, seier Solbakken.

«Tenker på mor og barn»

I kommentarfelt og på sosiale medium har fleire spurt seg korleis det vil gå med resten av svanefamilien, når «Hamnesjefen» no er vekke.

«Nå kommer svanemor til å leve åresvis alene – utan ungekull, for svana er monogam!»

«Tenker på mor og barn»

«Idioti! Hva tror dere skjer med maken nå da????»

«Tragisk for svanefamilien og enda mer tragisk for Os kommune»

Svaneunger i reiret til Havnesjefen

FAMILIEFAR: «Hamnesjefen» hadde i fleire år hekka i Os, og lèt etter seg fleire barn.

Foto: Siri Kristiansen

Men Solbakken i Norsk Ornitologisk Forening trur resten av svanefamilien skal klare seg.

– Slik eg har forstått det er svanemor ferdig med såkalla fjørfelling, og begynner å verte flygedyktig. Ungane er no såpass store at dei kan ta vare på seg sjølve, og det er god sjanse for at dei kan vekse opp. Svanemor er no einsleg, og tida vil vise seg om ho finn ein ny partnar, men det kan forventast i løpet av vinteren.

Solbakken trur òg at osingane må førebu seg på ein ny svanefar i hamnebassenget.

– Dette har vore eit godt svaneterritorium, der «Hamnesjefen» og maken har hekka i fleire år. Difor er det grunn til å tru at det vil kome eit nytt svanepar i området. Då vert det ei utfordring for befolkninga å finne ut korleis dei skal handtere desse svanene. Ein bør ta med seg erfaringar frå dette, og lære at svaner kan vere aggressive. Det handlar om å vise omsyn. ​