Natt til søndag segla kranbåten «Gulliver» inn mot norskekysten, og var framme ved Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen tidleg om morgonen.
Kranbåten er eitt av fleire fartøy som skal brukast til å heve KNM «Helge Ingstad» som kolliderte med oljetankaren Sola TS ved Stureterminalen i Øygarden førre veke.
Kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret, Torill Herland, bekreftar til NRK søndag morgon at «Gulliver» skal hjelpe til i bergingsarbeidet.
Bergingsarbeid til veka
Sjøforsvaret kan også fortelje at ein tilsvarande kranlekter er venta i området tysdag.
Data frå MarineTraffic syner at kranbåten «Rambiz», som er søsterskipet til «Gulliver», er midt på Nordsjøen søndag. Sjøforsvaret har ikkje bekrefta at det er dette skipet det er snakk om.
Det ligg allereie ein lekter og ein taubåt som tilhøyrer Boa Management på Hanøytangen.
Det er dermed ikkje snakk om å få fregatten over på lekter før seinare til veka. Det er Boa Management som står for bergingsarbeidet saman med DNV GL.
Fregatten var sikra med ti vaierar fram til tysdag morgon. Då rauk fleire av vaierane.
Nesten heile KNM «Helge Ingstad» ligg no under vatn i fjøresteinane.
Kan løfte 4.000 tonn
Kranbåten «Gulliver» er eigd av selskapet Scaldis i Belgia, som overtok fartøyet i april i år. Toppfarten til fartøyet er sju knop, og kan løfte opp til 4000 tonn skriv Sysla.
Fregatten veg 5290 tonn, og er også fylt med vatn. Fleire fartøy må derfor hjelpe til for å heve KNM «Helge Ingstad».
KNM «Helge Ingstad» er i stor beveging søndag. Kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret, Torill Herland, fortel at dei er bekymra for fartøyet.
– Vi er uroa. Vi jobbar kontinuerleg med sikringsarbeidet.
Sjøforsvaret melder at det blir pressekonferanse søndag klokka 17:00.