Hopp til innhold

«Friends» skal hjelpe mot angst

Ein ny behandlingsmetode mot angstlidingar hjå barn og unge skal no prøvast ut i Noreg. Metoden har namnet «Friends» og er utvikla i Australia.

Forskingsprosjeket vert no planlagd av overlege i barne-og ungdomspsykiatri ved BUP Fana i Helse Bergen, Einar Heiervang, og professor i psykologi ved Universitetet i Bergen, Odd E. Haavik.

I Australia syner undersøkingar at over 80 prosent av borna som er vorte behandla med metoden, ikkje lenger har betydelege angstproblem.

Stort behov her til lands

I Noreg slit 15 prosent av befolking med angst. Forsking innanlands og internasjonalt provar at angst ofte byrjar i oppveksten, men det går gjerne fleire tiår før ein søkjer hjelp mot vanskane.

– Det er veldig stort behov for eit slikt tilbod her til lands. Angstlidingar er den vanlegaste typen psykiske vanskar som born og unge har i Noreg i dag, seier Einar Heiervang til NRK.

Forskningsprosjektet har stønad av Helse Vest, er tverrfagleg og omfattar poliklinikkar i Helse Bergen, Helse Bergen, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Stavanger. Oppstarten skal etter planen skje i løpet av våren inneverande år.

Behandlar ved BUP Fana har vore i Australia for å lære seg metoden.

– Vi håpar å få med om lag 200 born totalt i dette prosjektet. Det gjeld hovudsakleg born og unge med separasjonsangst, sosial angst og generalisert angst, ifølgje Heiervang.

– Lang og  vanskeleg prosess

«Friends»-programmet er kognitiv åtferdsterapi, der samtalen står i sentrum, som kan føregå i grupper og enkeltvis, og der foreldra vert trekt aktivt inn i behandlinga.

Programmet er tilpassa born og unge i alderen frå åtte til 15 år.

Metoden går ut på at terapeuten først i systematisk samarbeid med pasienten freistar å finne fram til dei tankane som styrer angsten, for så å oppsøkje situasjonane som pleier å utløyse han.

Metoden inneber til dømes at eit born med sosial angst øver seg på å invitere ein klassekamerat med seg heim. Øvinga handlar om alt frå korleis og når ein skal spørje kameraten, til planlegging av kva dei skal gjere når dei kjem heim.

– Dette kan være ein lang og vanskeleg prosess for eit born med angst, men får bornet høve til å møte frykten innan trygge rammer, lærer det å takle angsten, sier Heiervang.