NRK Meny
Normal

«Ekstrem-eldre» fylte opp bussar på Voss

Ekstremsportveko på Voss baud på mykje nytt i år. Pensjonistar i området viste stor interesse for ein av desse nye aktivitetane.

Ekstrem eldrebuss er for de over 65 som ønsker å se på øvelsene, men som kanskje ikke har muligheten til å komme seg rundt så lett. Bli med på bussen som tar deg rundt på Voss.

VIDEO: Eldrebussen blei eit populært arrangement.

Den siste veka har Voss vore prega av ekstremsportaktivitetar som basehopping, BMX dirt jump, klatring og riverboard. Festivalen Ekstremsportveko blei avslutta i dag og arrangørane er godt nøgde.

Sofie Torlei Olsen

FORNØGD: Dagleg leiar Sofie Torlei Olsen er godt nøgd med årets festival.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Det har vore ei heilt fantastisk ekstremsportveka. Me har fått gjennomført alt bortsett frå ein konkurranse. Det har vore veldig god stemning både på sportsarenaene og i teltet, og me har fått til mykje nytt på programmet i år, seier dagleg leiar Sofie Torlei Olsen.

– Me er superfornøgde og har veldig mykje bra å sjå tilbake på, og kan gleda oss til å starta med planlegginga av neste år, legg ho til.

Fulle ekstrem-eldrebussar

Nokre av aktivitetane som var nye i år var utforsykkelløpet «Agalaus», konkurranse i vindtunnelen og ekstrem eldrebuss.

– Ekstrem eldrebussen blei ein stor suksess. Me tok med pensjonistane ut på sportsarenaene og så ned i teltet etterpå, fortel Torlei Olsen.

– Folk har vore positive til dei nye aktivitetane. Me har hatt venteliste på fleire av sportane våre, fulle bussar på ekstrem eldrebuss, og me har fått veldig mykje positiv tilbakemelding, seier Sofie Torlei Olsen.

Marie Magnusson er på Ekstremsportveko på Voss, men hva kan egentlig denne pensjonisten gjøre?
Reporter: Håkon Eliassen, foto/redigering: Håkon Eliassen.

VIDEO: Hva gjør denne pensjonisten på Ekstremsportveko?

Kåra æresborgarar av Voss

For første gong kåra Ekstremsportveko i år også «the honorable citizen of Voss». Ei kvinne frå New Zealand og ein mann frå Brasil blei kåra til dei ultimate ekstremsportutøvarane og fekk ein nøkkel til Voss som premie.

Denne kåringa skal bli eit årleg innslag og Ekstremsportveko håpar den vil få folk til å delta på fleire sportsaktivitetar.

Besøkstalet for årets Ekstremsportveko er omtrent som tidlegare år, med 1200–1300 utøvarar og i underkant av 14.000 besøkjande gjennom veka.

Alvorleg ulukke fredag

Få utøvarar er blitt alvorleg skadde under Ekstremsportveka, men fredag ettermiddag skjedde ei skijump-ulukke der ein 21 år gammal mann blei alvorleg skadd .

Ulykke under Ekstremsportveko på Voss

ULUKKE: Ein mann blei alvorleg skadd under trening til Big Air-konkurransen.

Foto: OLAV STANDAL TANGEN

Mannen blei sendt til Voss sjukehus og Helse Bergen opplyste klokka 21 fredag kveld at han var alvorleg skadd. Helse Bergen har ikkje kunna gi NRK oppdatert informasjon om tilstanden hans søndag.

– Det er sjølvsagt ekkelt at slike ting skjer, men alt var i orden i forhold til sikkerheit og arrangørmessig, det er godt å ta med seg. Me har sjølvsagt hatt nær kontakt med han og hans familie og alt går heldigvis veldig bra med han. Han er litt hardt forslått, men elles bra, seier dagleg leiar Sofie Torlei Olsen.

– Ting fungerer sikkerheitsmessig

Som følgje av ulukka valde Ekstremsportveko å avlysa Big Air konkurransen som var planlagd.

Under andre aktivitetar og konkurransar som blei arrangerte var det ingen som blei alvorleg skadd.

– Det går veldig greitt heldigvis, litt småplukk her og der, men ingen alvorlege skadar og det tar me sjølvsagt med oss som ei god evaluering til neste år, at ting fungerer sikkerheitsmessig, seier Torlei Olsen.

Ekstremsportveko er festivalen for de som liker adrenalinpumpende idretter, som longboard, fallskjermhopping, basehopp, kajakking, rafting, klatring, paragliding, hanggliding og sykling i diverse former. I tillegg til konserter på kveldene og mye annet. Dette er en liten smakebit på hva man kan oppleve på Voss. 
Foto: Stefan D. Witts, Øystein Røen, Heidi K. Høyheim, Shams, Josh Neilson, Tyler Fox, Benjamin Hjort. Redigering: Hilda Klaveness. Musikk: Bunni Groove av Chinese Man og Sugar Rhyme av Bonobo.

VIDEO: Dette er Ekstremsportveko.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.