Hopp til innhold

–Eit klokt val av Brann

– Eg vil gratulere Brann med eit spanande og godt val. Supporterane kan ha forventningar til neste sesong, seier landslagstrenar Per Mathias Høgmo om raudtrøyenes nye trenar.

Høgmo

HAR TRUA: Landslagstrenar Per-Mathias Høgmo har vore trenarkollega med nybakt Brann-trenar Rikard Norling i Sverige, og er full av lovord om Bergensklubben sin ferske trenar. Her fotografert under ein tidlegare pressekonferanse.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Tysdag blei det altså offentleg: Svenske Rikard Norling er Branns nye trenar. Og reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

Supporterane jublar over valet. Ifølgje Roger Lillebøe-Hansen, leiar for Bataljonen, er den positive stemninga unison.

Landslagstrenar: No er det lov å håpe!

Nyheita om at Norling no skal leia Bergens stoltheit til topps, vekkjer òg begeistring utanfor vestlandets hovudstad.

Sidan tidlegare trenar Rune Skarsfjord trekte seg, har spekulasjonane gått. Først tysdag føremiddag kom det endelege svaret.

Landslagstrenar Per Mathias Høgmo, som har arbeidd som trenar i nabolaget samtidig som Norling, seier det er grunn til å vere nøgd.

–Eg vil gratulere Brann med eit spanande og godt val. Han er ein god kollega frå tida i Sverige, ein dyktig trenar som har skapt gode resultat der. Brann har gjort svært godt val.


Eit passande val for Bergen og Brann

Høgmo meiner Norling som trenartype eignar seg godt for Bergen.

Han meiner det var lurt å hente seg ein trenar som har tatt seriegull. På spørsmål om det er realistisk å håpe på, også for Brann, svarer han på denne måten.

Men byen blant dei sju fjell har ikkje for vane å halde på trenarar i utrengsmål. Då Skarsfjord gjekk, hadde han alt sete lenger enn dei fleste. Det hindrar ikkje Høgmo i å rose valet.

– Det er positivt for norsk fotball at Brann er i toppen av tabellen, og supporterane kan ha forventningar til neste sesong.

NRKs fotballekspert: Eit supert namn for Brann

Magnus Johanson om Rikard Norling

KAN SKAPE NY GIV: Johanson trur Norling kan vere med å gi fansen nytt håp, og at valet av ny trenar vil bidra til å skape engasjement og igjen fylle stadion under kamp.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

42-åringen som no skal ta over etter Skarsfjord, leidde tidlegare i år Malmø FF til ein kanskje noko overraskande siger i Allsvenskan, den svenske serien.

Magnus Johanson, NRK Hordaland sin fotballekspert, trur Norling er eit supert namn for Brann.

Men kvifor ønskjer han eigentleg å komme her?

– Det er det nok fleire som undrar seg over. Men dette er ein mann som har vore trenar veldig, veldig lenge; heilt sidan han som 21-åring fekk ein skade. Dette er ei spanande utfordring, han får godt betalt, og i tillegg sjansen til å flytta litt på seg.

Er du overraska?

– Ja, men positivt i så måte. Han er ein dyktig, offensiv trenar med ein flott CV. Kanskje er han akkurat den mannen som trengst for å gjenopprette tilliten, og ikkje minst sjåartala, på stadion?

Les òg: Håpar han blir verande i Bergen i mange år.