Hopp til innhold

«Dette tykkjer eg ingenting om»

UCI har utsett søknadsfristen for sykkel-VM for andre gong. – Dette er ikkje bra. Me har lagt ned mykje arbeid i denne søknaden, seier byråd Gunnar Bakke.

Gunnar Bakke sykkel-vm

: UCI har nok ein gong usett søknadsfristen for sykkel-VM. Byråd Gunnar Bakke tykkjer lite om avgjera.

Foto: NRK

Onsdag denne veka var siste frist for å levere søknad om å arrangere sykkel-VM i 2017. Bergen stod då som einaste søkjar, men no har Det internasjonale sykkelforbundet endå ein gong utsett fristen i håp om at fleire skal søkje.

«Det er heilt på grensa»

Avgjerda om å utsette fristen kom som ei stor overrasking på Bakke.

– Dette hadde eg ikkje venta. At dei endrar på spelereglane no mot slutten er heilt på grensa tykkjer eg ingenting om.

Han fortel at dei har arbeidd intenst med søknaden.

– Dessutan har me arbeidd for at regjeringa skal ta si avgjerde.

– At dei no vel å flytte datoen tykkjer eg ingenting om.

Fryktar ein «pengegalopp»

Trude Drevland

OPPGITT: Ordførar Trude Drevland er oppgitt over at Det internasjonale sykkelforbundet, UCI, endå ein gong har utsett fristen om å verte sykkel-VM i 2017.

Foto: Bergen kommune

Utsetjinga fell heller ikkje i god jord hos Bergen-ordførar Trude Drevland.

– Denne måten å behandle seriøse søkjarar gir ikkje den store respekten, og eg forventar at vi no gir forbundet ein reaksjon på dette. I alle fall muntleg, helst skriftleg, og strekar under at dette no må behandlast på ein reell måte, seier ho.

Fryktar du at andre byar kan komme inn og stele sykkel-VM frå Bergen?

– Eg fryktar ikkje det, men eg fryktar ein pengegalopp. Og det gir vel ikkje den store respekten for ein sport som no treng å konsentrere seg om å bli ein heilt rein sport, og ikkje sjonglere med kroner og øre, seier Drevland.

Var einaste søkjar

Tiedemann

IKKJE NØGD: Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen trur utsetjinga handlar om at UCI vil presse avgifta opp.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen delar frustrasjonen hennar.

– Vi hadde ein formell frist den 31. desember, så blei den skuva fram fjorten dagar og no skuvar dei den fram fjorten dagar til. Eg synest ikkje det er bra for oss.

Av andre potensielle søkjarar har det vore snakk om Bogotá i Colombia som ein utfordrar, men ingen andre etter det som har vore kjend.

– Kven vi eventuelt skal konkurrere mot, det veit vi førebels ikkje. Men per i dag er vi einaste søkjar.

– UCI vil heve prisen

Sykkelpresidenten trur utsetjinga handlar om å at UCI vil skaffe seg eit betre økonomisk bilete.

– Det er vel først og fremst fordi dei ønskjer å kome inn i ei bodrunde der dei kan prøve å få heva prisen på det ein skal betale i avgift til UCI, og den prosessen er vi jo ikkje noko særleg begeistra for, seier Tiedemann Hansen, som trudde slike bodrundar høyrde fortida til.

– Den som har ein god søknad og kan gi eit godt bidrag bør kunne få det, meiner han.