Hopp til innhold

«Det var som å gå rett inn i ein krig»

Brannmann Hugo Hansen vart firt frå Seaking-helikopteret 25 meter ned på det brennande skipet «Britannia Seaways». – Det såg ut som ei slagmark, seier brannkonstabelen.

Skipet motasje

HADDE FLAKS: Brannkonstabel Hugo Hansen seier at det var flaks at alle overlevde brannen på frakteskipet «Britannia Seaways». - Det kunne gått mykje verre.

Foto: Truls Kleiven / Runa Victoria Engen

Heile situasjonen var surrealistisk. Militærkøyretøy låg slengt over alt, og det var ekstremt heitt.

Hugo Hansen

– Som brannmann er eg trent på slike oppdrag, men det var lite som kunne forbredt meg på det som møtte oss, fortel Hansen.

Saman med fem kollegaer fekk han beskjed om å gjere seg klar til å rykka ut, og hjelpa med å sløkkja brannen på frakteskipet «Britannia Seaways» laurdag kveld.

Brannen starta i ein conteinar med 7.000 liter flybensin på. Skipet låg sør for Florø i Sogn og Fjordane, og var på til Bergen med militært utstyr då det tok til å brenna.

Firte oss ned på skipet

Hansen visste lite om situasjonen før han reise ut til skipet. Alt han visste om tilstanden på skipet hadde han lest seg til gjennom media.

– Ut ifrå bileta eg såg i avisene skjøna eg at dette var store greier. Vi byrja å pakke straks vi fekk beskjeden om at vi skulle rykka ut, og reiste til flyplassen på Flesland. Vi har jo vore gjennom dette før, men det var lite som kunne forbredt oss på det som faktisk møtte oss.

Artikkelen held fram under biletet

Det var dårleg ver, og på vegen ut i Sea King-helikopteret var det framleis uvisst om dei skulle lande i Florø og ta båt ut til skipet, eller om dei skulle firast ned på skipet.

Då dei nærma seg fartøyet vart det bestemt at Hansen og dei fire andre skulle bli firt ned frå helikopteret på det brennande skipet.

– Det var 25 meter ned til skipet. Så høgt har vi ikkje blitt firt ned før, heller ikkje under trening. Det var intenst, fortel brannmannen.

– Det såg ut som ei slagmark

Seewyas

STORE SKADAR: Skipet har fått store skadar etter brannen, men det er framleis uvisst kor omfattande skadane er.

Foto: Stine Kongsvik / NRK

Det som møtte Hansen og dei andre på skipet kom uventa på brannmannen.

– Det såg ut som ei slagmark. Det var som å gå rett inn i ein krig, fortel Hansen.

Dei fekk raskt ein gjennomgang av situasjonen med kapteinen og byrja straks å leggja planar for korleis dei skulle få sløkt brannen.

Tolv soldatar om bord på skipet hadde allereie jobba på spreng for å få kjølt ned lasta, medan mannskapet forsøkte å sløkkja brannen. Klokka var rundt 04.30 då dei fekk hjelp av Hansen og resten av brannmannskapet.

– Det låg militære køyretøy slengt rundt på skipet. Heile situasjonen var rett og slett surrealistisk.

Eit risikofullt oppdrag

Mannskapet hadde framleis ikkje fått kontroll på brannen då Hansen og resten av brannmannskapet var om bord på skipet. Skipet var mellom anna lasta med store mengder drivstoff og ammunisjon.

– Det var jo stor avstand mellom ammunisjonen og drivstoffet, men dette var likevel heilt klart eit veldig risikofylt oppdrag.

Hovudarbeidet til Hansen var å få kontroll på dekk, og få kontroll på dei conteinarane som framleis stod i fyr.

Rosar mannskapet

Hansen fortel at han er imponert av det arbeidet som blei gjort av mannskapet før brannmannskapet var på plass på skipet.

– Dei har jo ei viss trening frå før, men dei har gjort ein heilt vanvittig innsats. Dei heldt fram i timevis.

– Var du nokon gong redd?

– Nei, men eg reknar med at det har vore verre for mannskapet som var der før det kom brannmannskap, seier Hansen.

Han seier at dette er eit av dei mest krevjande oppdraga han har hatt som brannmann.

Det er klart, gjer man alt riktig så går det som regel bra. Hadde det tatt fyr i alle dei lastebilane som stod på dekk hadde dette vore ekstremt ille. Trass alt gjekk dette bra.

Her er 330-skvadronens eigen film frå branndramaet:

En container med 7000 liter flybensin sto lørdag kveld og natt til søndag i brann på skipet "Britannia Seaways", sør for Florø i Sogn og Fjordane. Det ble brukt vannkanoner for å kjøle ned containeren og dekksområdet. Skipet har nå lagt til kai i Bergen.

Brann om bord i frakteskipet «Britannia Seaways»