Hopp til innhold

«Dark Room»-saka i Bergen: Avtalte å utføre overgrep på eigne barn

Fleire av dei politiet har sikta for å dele overgrepsbilete, skal ha avtalt å møtast for å gjere overgrep. Berre i Vest politidistrikt er 20 personar involvert.

Politihuset i Bergen nærbilde

VEST POLITIDISTRIKT: Det starta hausten 2015, med pågripinga av ein mann i 20-åra. Derfrå nøsta politiet opp eit nettverk, som hadde mykje kontakt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Politiet i Bergen har over lengre tid rulla opp eit nettverk av menn som har gjort overgrep mot barn, eller lasta ned bilete og video av overgrep med andre.

I dag går politiet ut med informasjon om den omfattande saka. Det er kalla inn til en pressekonferanse, som startar i dag klokka 14. Ein politimann blei arrestert i forlenging av saka.

NRK kan i dag fortelja at berre i Vest politidistrikt er 20 personar involvert.

I tillegg er NRK kjent med at fleire saker sendt til andre politidistrikt.

Dette er dei sikta for

Her er nokre av punkta dei 20 personane som sorterer under Vest politidistrikt er sikta for:

  • To vestlendingar i 20-åra skal ha chatta om seksuelle overgrep dei skulle gjere saman. Dei skal ha delt videoopptak av direktestreama overgrep.
  • Ein mann i slutten av 30-åra skal ha chatta om overgrep mot sine egne barn, og avtalt med ein annan å gjere overgrep.

  • Siktinga mot ein mann i 30-åra blei utvida då politiet meiner dei fann bevis for at han har gjort eigne overgrep mot barn under 14 år.
  • To menn skal ha møtt kvarandre for å sjå på overgrepsmateriale av svært små barn, men og for å sjå video av seksuell omgang mellom menneske og dyr.
  • Ein mann i 20-åra er tiltalt for overgrep mot 18 barn. Tre av desse skal han ha møtt og gjort fysiske overgrep mot, ifølge politiet.
  • Ein Ap-politikar er sikta for seksuelle overgrep gjort over nettet, og har sagt frå seg alle verv.
Politihuset i Bergen, 19. november 2016

25 POLITIMENN: Gruppa som har jobba med sakene har på det meste hatt 25 polititilsette.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

To politikarar blanda inn

Ein mann i Sogn og Fjordane tilstod eit mindre beslag. Han nekta for å ha delt det med andre, men blei dømd til sju månader fengsel.

Funn hos han, førte til pågripinga av ein Frp-politikar på Austlandet. Den tidlegare stortingspolitikaren er ein av to politikarar som er blanda inn i den store saka.

Ein av mennene som blei arrestert, blei slept fri, men arrestert igjen seinare nærare eit halvt år seinare, hausten 2016. Politiet oppdaga at eit brukarnamn stemde med ein dei hadde arrestert før.

Laurdag skreiv VG at ein politimann i Vest politidistrikt er blant dei sikta.

«Dark Room»

Ei omfattande politigruppe har jobba med saka. På det meste har det vore 25 tilsette, frå store deler av Vest politidistrikt. Prosjektet «Dark Room» har hatt fokus på å avdekke reelle overgrep.

Dei skal etter det NRK kjenner til ha brukt såkalla skjulte metodar, og har fått hjelp av ein spanar som byrja i gruppa våren 2016.

Politiet har til no ikkje ville snakke om sakene, og har lukka dørene under rettssaker og fengslingsmøte. Årsaka er at dei fryktar at omtale av ein stor politiaksjon, vil få medskyldige til å kvitte seg med bevis.