Hopp til innhold

«Birk» har øydelagt for over 14 millionar kroner

Forsikringsselskapa har så langt fått inn over 150 skademeldingar etter ekstremvêret.

Hausdalen oversvømmelse

FULL KJELLAR: Her i Hausdalen i Bergen fekk dei både smeltevatn og nedbør i fanget og måtte bruka båt for å komme seg ut av huset.

Foto: Privat

Ekstremvêret «Birk» råka Vestlandet med enorme mengder nedbør 23. desember.

Problema byrja allereie om natta, og på morgonen vesle julaftan oppgraderte meteorologane uvêret til å vera ekstremt, grunna dei store nedbørsmengdene.

Vatnet trengde inn i kjellarar, fekk det til å rasa på mange vegar og isolerte bygder. Fleire vêrstasjonar i Hordaland passerte over 100 mm i nedbør.

Søndag julaftan er omfanget og kostnadane av uvêret i ferd med å bli avdekka.

Jordras i Sauda

SKUMMELT: Det gjekk fleire jordras på Vestlandet vesle julaftan. Her frå Åbødalen i Sauda der ein familie vart evakuert.

Foto: Sauda kommune

Fleste skadane i Bergen

Ein førebels oppteljing syner at «Birk» har gjort skader for over ti millionar kroner, men forsikringsselskapa reknar med dette vil stige.

– Særleg med tanke på at mange er reist vekk i jula og ikkje har fått sjekka eigedomen sin enno, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Verst har det kanskje gått utover Bergen. Byen sette ny døgnnedbørsrekord for desember, med 93,9 millimeter nedbør på målestasjonen ved Florida.

Dei aller fleste skademeldingane som forsikringsselskapa har fått gjeld inntrenging av vatn i kjellarar og bustadhus. Nokre meldingar gjeld også skader på bilar og innbo.

Ras på vegen mellom Østerbø og Søreide

SJÅ ALBUM: Slik herja «Birk» med Vestlandet.

Foto: Kim Andre Osland

Over 150 skademeldingar

NRK har henta inn førebelse tal frå dei største forsikringsselskapa i Norge:

  • Frende passerte 50 skademeldingar i går kveld. Dei fleste i Bergen. I tillegg har dei fått skademeldingar frå Odda, Stord, Askøy, Austevoll, Nordhordland og Halsnøy i Kvinnherad. Førebelse utrekningar syner erstatningar på i snitt 120.000 kroner.
  • Gjensidige har så langt fått 30 meldingar om vass-skadar på bygningar. Nærare halvparten av dei frå Hordaland, med nokre skader frå Sogn og Fjordane. Så langt har Gjensidige sett av to millionar kroner til erstatning.
  • Tryg Forsikring har fått inn rundt 50 skader til no. Dei aller fleste er vasskadar i bergensområdet. Anslaget deira på skadesum så langt er på tre millionar kroner.
  • DnB har fått inn tolv skademeldingar så langt, dei fleste frå bergensområdet. Nesten alle meldingane kom allereie laurdag morgon. Dei har sett av to millionar kroner til utbetaling, men er førebudd på at summen kan stiga.
  • Eika Forsikring har fått inn ni skader til no, dei aller fleste gjeld vasskader. Førebels er det for tidleg å seie kva verdiar det er snakk om, men truleg mellom ein og to millionar kroner.

Totalsum for desse fem selskapa blir førebels på kring 15 millionar kroner.

– Beløpa vil variere når reparasjonane kjem i gang. Førebels har skadesaneringsselskap hatt full hyre med å pumpe ut og sette i gang tørking, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende Forsikring.

Få oversikt og ta kontakt

Arne Voll i Gjensidige meiner det trass alt har gått bra, nedbørsmengdene tatt i betraktning.

– Sjølv om det har regna ekstremt, kan det verka som skadeomfanget er mindre enn frykta. Folk har vore godt førebudd på uvêret og slik har vi unngått ein del skader. Men vi har medkjensle med dei som har fått skader på heimen sin, seier Voll.

Forsikringsselskapa oppfordrar folk til å sjå etter eigendelane sine i jula og melde frå om dei oppdagar fleire skader etter ekstremvêret «Birk».

Skader på bygningar og infrastruktur, som er forårsaka av storm, skred, flaum og jordskjelv, blir dekka av naturskadeforsikringen. Denne forsikringa dekker ikkje skader på motorkøyretøy, båtar eller skog.