Hopp til innhold

Forsvarsministeren fekk sjå korleis milliardfregatten blei flerra opp

HAAKONSVERN (NRK): For første gong sidan fregatthavariet var forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) om bord i KNM «Helge Ingstad» i dag.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen inspiserer skadene på KNM «Helge Ingstad»

INSPEKSJON: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen inspiserer holet i skroget etter kollisjonen med «Sola TS».

Foto: Bendik Strandli / Forsvaret

– Det er veldig sterke inntrykk å sjå dei massive og omfattande skadane og vita at her hadde me mannskapet vårt. Eg har mellom anna sett det som er igjen av lugarane. Her kunne det veldig fort gått veldig gale, seier Bakke-Jensen.

Fregatten ligg nå på land på Haakonsvern orlogsstasjon, marinens hovudbase.

Her har den lege sidan 3. mars, etter ein spektakulær bergingsaksjon.

Frank Bakke-Jensen

STERKE INNTRYKK: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen fekk sjå dei omfattande skadane om bord i KNM «Helge Ingstad» i dag.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Dyr berging

8. november kolliderte fregatten med tankskipet «Sola TS» utanfor Stureterminalen i Øygarden. I tre månadar låg fregatten på cirka 30 meters djupne, berre med radartårnet synleg over vatnet.

Like etter at fregatten var tilbake på Haakonsvern opplyste Bakke-Jensen at berginga hadde kosta minst 640 millionar kroner.

Godt over 100 ulike bedrifter har vore involvert i å berga skipet.

– Dette er jo veldig dyrt. Me veit ikkje kva dette vil kosta til slutt. Samstundes var det heilt uaktuelt å ha ein slik båt liggande i fjøresteinane. Rekninga tar staten. Fellesskapet må betala når det går så gale som dette, seier han til NRK i dag.

KNM "Helge Ingstad" i dokk på Haakonsvern

SKAL SNART FLYTA: KNM «Helge Ingstad» ligg på kai på Haakonsvern, men Sjøforsvaret planlegg å sjøsetta den neste månad.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Reparering eller skroting?

Om den havarerte fregatten KNM «Helge Ingstad» skal bli sett i stand eller skrota, er i det blå.

– Eg er veldig dårleg til å bygga og reparera båtar, så det vil eg ikkje spå om det. Vurderinga overlèt eg til dei som kan det, seier Bakke-Jensen.

– Men kva ønsker du skal skje med fregatten?

– Me må sjå kva som er rekningssvarande.

– Kan ein stola på eit skip som har lege så lenge under saltvatn?

– Me får sjå kva ekspertisen seier. Det avgjer me når den tid kjem.

Nils Andreas Stensønes, sjef for Sjøforsvaret, svarar slik:

– Viss det løner seg å setja fregatten i stand, gjer me det. Me brukar ikkje skipet før det er i full operativ stand. Me må kunne stola på alt om bord.

Nils Andreas Stensønes, sjef for Sjøforsvaret.

NYE SKADER: – Viss det er vridingar i skroget, er det avgjerande for om skipet skal reparerast, seier Nils Andreas Stensønes, sjef for Sjøforsvaret.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Oppdaga nye skader

I første omgang vil Sjøforsvaret tetta den store flengja på styrbord side med stålplater. Målet er å få fregatten på vatnet igjen innan fem veker. Det er inga permanent løysing, og fregattens vidare lagnad er altså uklar.

– Kva skader har de sett etter hevinga?

– Der skipet låg nede på fjellet, er det mellom anna trykt inn ein stabilisator på styrbord side. Me har også oppdaga andre skader som me ikkje kjende til før skipet vart heva, seier Stensønes.

– Er sjølve skipet vridd eller deformert?

– Det skal me sjå på. Viss det er vridingar i skroget, er det sjølvsagt avgjerande for om skipet skal reparerast.

Han trur ein god del av utstyret og materiellet om bord vil kunne brukast.

– Men me er blitt meir skeptisk på det elektroniske utstyret enn me var innleiingsvis.

Vil læra av USA

USA har tidlegare reparert to av sine marinefartøy etter forlis. På spørsmål om Noreg skal læra av USA, svarar forsvarsministeren at Noreg vil henta eksperthjelp og kunnskap der den finst.

Thomas T. Wedervang, sjef for Forsvarsmateriell maritime kapasitetar, kommenterer dette slik:

– Me får hjelp frå amerikanske leverandørar til dømes når det gjeld tekniske komponentar.

– Kva med sjølve skipet?

– Me vil søka hjelp og råd der det er mogleg, men har ikkje spesifikke planar om å søka hjelp frå den amerikanske marinen når det gjeld skroget.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) (i midten) etter besøk ombord på den havarerte fregatten.

VAR OMBORD: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (i midten) på veg ut frå KNM «Helge Ingstad» i dag.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Truleg konklusjon før sommaren

Wedervang seier alle 2500 komponentane som er planlagt henta ut frå fregatten, var tatt ut på søndag.

– Me er i rute i høve til tidsplanen. Det er varierande tilstand på utstyr og materiell. Alt må testast og verifiserast etter kvart.

– Er det verre eller betre enn venta?

– Det er vanskeleg å seia før me har laga ein grundig rapport.

Etter det NRK får opplyst skal Forsvarsmateriell vera ferdig med tilstandsvurderinga av fregatten innan sommaren.