Hopp til innhold

Vil offentleggjera alvorlege hendingar

I fylgje BA.no vil Helse Bergen gjera det enklare for offentlegheita å få veta om alvorlege hendingar på sjukehuset.

Haukeland sykehus

ALVORLEGE HENDINGAR: «3-3 meldingane» kjem av paragraf 3.3 i Lov om spesialisthelsetenesten og skildrar sjukehusa si meldeplikt.

Foto: NRK

Forrige veke bestemde sjukehuset i Østfold seg for å publisera «3-3 meldingane» på heimesida si, opplyser fagbladet Journalisten.

Dette er meldingar som fortel om alvorlege hendingar på sjukehusa, som hendingar som fører til personskadar eller som kunne ha ført til personskadar.

– Full openheit er viktig for at sjukehusa skal ha tillit i befolkninga. Difor vel me i tillegg å leggja ut desse sakene på nettsida vår. Openheit er ei erklæring om at ingen saker skal vera gøymde eller gløymde, grunngjev direktør Just Ebbesen ved Sjukehuset i Østfold på eigne nettsider.

Mona Høgli

Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli.

Foto: Helse Bergen

Helse Bergen skal også vera klare til å innføra dette.

– Dette har me vurdert og alle er positive til det, seier kommunikasjonsdirektør Mona Høgli til BA.no.

Ho vil ikkje sei noko om tiltaket allereie er innført, men at dei set i gang ein prosess for iverksetjing.

– Dette skal me snakka om i Helse Vest. Me må finna ein felles måte å gjera det på, seier informasjonsdirektøren til same avis.