Hopp til innhold

– Vurderer å trekkje seg som finansbyråd

Finansbyråd Liv Røssland (Frp) i Bergen skal vera nær å trekkje seg etter krangel om sal av Bergen tomteselskap.

Liv Røssland

PÅ VEG UT: NRK får bekrefta at Liv Røssland i helga har vore i tenkeboksen om å fortsetta som finansbyråd i Bergen. Ei utsetjing i saka om sal av Bergen tomteselskap skal vera den utløysande årsaka for at Røssland no vurderer å trekka seg som finansbyråd.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Det var Bergensavisen som laurdag først skreiv om at Frp-politikar og finansbyråd i Bergen, Liv Røssland, skal vera i ferd med gå av.

Kjelder tett på byrådet i Bergen seier til NRK søndag kveld at det er stor sjanse for at det allereie måndag vil verta kalla inn til ein pressekonferanse der finansbyråden kjem til å trekka seg.

Dermed kan det vera duka for nok eit drama rundt byrådet i Bergen.

– I tenkeboksen

Liv Røssland har ikkje svara på NRKs førespurnader på telefon søndag kveld, men den politiske rådgjevaren hennar, Sara Berge Økland, stadfestar at Røssland vurderer å trekkja seg allereie måndag.

– Ja, ho er i tenkeboksen, seier Økland til NRK søndag kveld.

– Kvifor vurderer ho å trekkja seg som byråd?

– Grunnen er at Bergen kommune er i ein alvorleg økonomisk situasjon, og ho opplever at ho den siste tida ikkje har fått gehør for viktige grep for å få orden på økonomien, svarar Økland.

Utsette viktig sal av tomteselskap

Bergen bystyre

LA FRAM SAK: Men bystyret utsette salet av Bergen tomteselskap. Her frå Bergen bystyre i forbindelse med at Røssland fram budsjettet for 2014.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det som gjer at begeret no byrjar å bli fullt for Røssland er saka om sal av Bergen tomteselskap.

Saka var oppe til handsaming i torsdagens bystyremøte, der byrådet ville ha fullmakt til å selje selskapet for å bøte på den store gjelda i kommunen.

Økonomien i Bergen er alt anna enn god for tida og kommunen må truleg selja eigedom for å klara å balansera økonomien.

I tillegg til svikt i skatteinntekter og at byrådsavdelingane brukar meir pengar enn dei får tildelt, er gjeldsnivået i kommunen i ferd med å verta farleg høgt.

Frustrert

Men ikkje ein gong byrådspartia gjekk torsdag inn for eit snarleg sal av Bergen tomteselskap. Saka enda med at bystyret kravde at byrådet kjem tilbake med meir informasjon undervegs i salsprosessen og dermed er saka utsett.

Dette skal altså ha vore den utløysande årsaka for at Røssland, som har vore finansbyråd sidan 2010, no vurderer å gå av.

Fleire kjelder har den siste tida fortalt NRK at finansbyråden i lengre tid har opplevd manglande ryggdekning for det ho meiner er naudsynte grep for å få orden på kommuneøkonomien. Røssland skal og ha vore motstandar av å stoppa prosessen rundt eit sal av Sentralbadet.

Også rådgjevaren stadfestar at det er fleire saker som ligg bak Røssland sin frustrasjon.

– Det har vore fleire saker det siste året som har vore krevjande. Utsetjinga av salet av tomteselskapet er den siste utløysande faktoren. Men det har vore fleire saker der Røssland har opplevd at det er har vore vanskelege å få forståing for kor krevjande situasjonen er, avsluttar politisk rådgjevar Sara Berge Økland.