NRK Meny
Normal

– Dette er tragiske nyhende for familien

Obduksjonsrapporten viser at 20-åringen som hoppa frå Askøybrua i januar, døydde av drukning. – Han ville høgst sannsynleg overlevd om politiet hadde gjort jobben sin, meiner mora sin bistandsadvokat.

Askøybroen

POLITIET PÅ BRUA: Biletet viser dei to politibetjentane som kom til Askøybrua natt til søndag 25. januar, etter at 20-åringen la frå seg jakka og hoppa.

Natt til 25. januar hoppa ein 20-åring frå Askøybrua. Fredag 13. mars vart han funnen død i sjøen.

No syner obduksjonsrapporten at dødsårsaka var drukning.

– Dette er svært alvorleg for saka, og tragiske nyhende for familien. Dette inneber at han høgst sannsynleg ville ha overlevd om politiet hadde gjort jobben sin, seier bistandsadvokat for mannen si mor, Bengt Waldow.

LES OGSÅ: Tror politiet kunne hindret sønnens død | Politiet etterforskes etter at 20-åring døde

Spesialeininga etterforsker saka

For nokre veker sidan melde mora Hordaland politidistrikt til Spesialeininga for politisaker, som har igangsett etterforsking.

Kameraovervakinga på Askøybrua, som lenge har vore åstad for sjølvmord og sjølvmordsforsøk, vart igangsett ved årsskiftet. Sensorar ved gjerda utløyser alarmen, og gjer videobileta tilgjengelege på politiet sine skjermar.

Men fordi sensorane var så ømfintlege at feilmeldingane stod i kø, slo politiet av alarmen på operasjonssentralen. Dermed gjekk det over eit døgn før dei såg overvakingsbileta av hoppet til 20-åringen.

– Politiet burde meldt frå

Det fyrste teiknet på at nokon hadde hoppa frå brua natt til 25. januar, var at ambulansepersonell kom over ei jakke som låg ved gjerdet på brua. Dei kontakta politiet, som sende ein patrulje til staden.

Waldow er kritisk til at politiet avslutta oppdraget utan å setje i gang søk i vatnet under brua. Men den skarpaste kritikken frå mora og bistandsadvokaten går ut på at politiet hadde deaktivert alarmsystemet utan å melde frå til vegvesenet om dette.

– Hadde dei gjort det, ville det vore vaktar på brua, slik det var fram til systemet vart tatt i bruk, meiner Waldow.

– Kunne vore redda både før og etter hoppet

Bistandsadvokaten meiner 20-åringen kunne vore redda av redningsskøyta som låg få minutt unna på Kleppestø om politiet hadde hatt alarmen på.

– Han hoppa føre opent kamera. Så han kunne både ha vore forhindra frå å hoppe, og redda etter hoppet. Men det skjedde ikkje, fordi politiet hadde slått av alarmen og ikkje følgde med på bileta, seier Waldow.

John Reidar Nilsen

POLITIMEISTER: John Reidar Nilsen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

NRK var måndag kveld i kontakt med Hordaland politidistrikt. Dei seier dei ikkje kan kommentere saka så lenge den er under etterforsking hos Spesialeininga.

Politimeister John Reidar Nilsen har tidlegare sagt til NRK at systemet ikkje var tatt i operativ bruk natta 20-åringen hoppa, og at politiet har informert om dette. Frå 1. juni overtar vegvesenet overvakinga av brua, fordi politiet ikkje reknar det som ein naturleg oppgåve for dei.

BAKGRUNN: Tror politiet kunne hindret sønnens død

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik