NRK Meny
Normal

– Det er berre viljen og skammen som driv meg

Nær 5.900 deltar i Noregs mest kjende motbakkeløp, «Stoltzekleiven Opp». – Det er heilt fantastisk, seier Stoltzen-sjef. Ikkje alle er heilt einige i det.

Mikal Olsen Lerøen går Stoltzekleiven Opp hvert år, men vet ikke helt hvorfor.

STOLTZEHATAR: Mikal Olsen Lerøen går «Stoltzekleiven Opp» kvart år, men vet ikkje heilt kvifor. Foto/redigering: Kjetil Rydland

– Det byrjar med ei lett smerte yttarst i låret, så spreier det seg til leggane, og så til heile låret. Eg får smerter i magen, knyttnevar rundt hjartet, og vond pust som ligg på brestepunktet.

Utsikt over Bergen fra Sandvikspilen

VAKKERT: Utsikta på toppen av Stoltzekleiven er ikkje noko å kimse av.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

NRKs reporter Mikal Olsen Lerøen blir kvart år dratt med på Stoltzen Opp av bestekompisen.

– Dette vil eg ikkje vere med på. Men nok ein gang står eg her med frykt i hovudet. Det som driv meg er berre vilje og skamma ved å få ei dårleg tid og bli mobba av kompisen min, seier Lerøen.

Sjå korleis det går med NRKs reporter i videoen øvst i saka!

800 trappetrinn rett opp

Mikal er ein av dei mange som i helga skal klatre opp Stoltzekleiven i Bergen, i høve den årlege mjølkesyrefesten og motbakkeløpet «Stoltzekleiven Opp».

Mikal Lerøen

– DRIVEN AV SKAMMA: Eg gjer jo same feilen kvart år. No er eg der at eg tenker «dette skal eg aldri gjere meir». Etter årets Stolzen er det slutt, seier NRKs reporter Mikal Lerøen.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Stoltzekleiven er bygd opp av steintrapper med ca. 800 trappetrinn, som går rett opp mot Sandviksfjellet. 910 løpemeter, ein høgdeforskjell på 313,5 meter og ei gjennomsnittleg stigning på 34,5 grader har gjort sitt til at turen nettopp har fått tilnamnet «mjølkesyrefestival»

LES OGSÅ: Over 213.000 har gått opp her i år

Thorbjørn Ludvigsen med rekord i Stoltzekleiven

FJORÅRETS VINNAR: Thorbjørn Ludvigsen tok ny rekord på Stoltzen Opp i fjor, med ei tid på 8, 06.

Foto: Runa Victoria Engen

– Kvart år i mai spør han med om eg skal bli med. Så seier eg ja, for eg trur jo ikkje me får plass. Så kan eg seie «Ah, det var synd». Men så får me plass kvart år.

– Han jobbar i IT, eg veit ikkje korleis han gjer det, men me kjem i alle fall alltid med.

– Trenar du før løpet?

– Nei, eg gjer ikkje det. Eg gje jo same feilen kvart år. No er eg der at eg tenker «dette skal eg aldri gjere meir». Etter årets Stolzen er det slutt.

LES OGSÅ: Ludvigsen tidenes raskeste i Stoltzekleiven

– Ikkje uoverkommeleg

Løpsleiar i Stoltzekleiven Opp, Owen Westergård, trur ikkje at Mikal er aleine om å vere nervøs før løpet.

– Eg vil tru at nesten 80 prosent av deltakarane grugledar seg. Dei veit kor vondt det blir, men de fullførar likevel.

Westergård seie at dei fleste fullførar motbakkeløpet med eit smil.

– Dei fleste er glade og strålar, løpet er jo ikkje uoverkommeleg. Heile magien med løpet er å sjå at alle er så lykkelege når dei kjem opp, seie Westergård.

– Det som er fint Stoltzekleiven er at det er fort gjort

I dag er det bedriftsdag i Stoltzekleiven, og ei av bedriftene som stiller til start med mange av sine tilsette er Bergen Energi. Her jobbar Kolbjørn Hembre som er klar for å gjere sitt aller beste. Men som Mikal, har han tatt innspurten ganske med ro.

Kolbjørn Hembre

KLAR FOR STOLTZEN: Det verste er når du nærmar deg toppen og er heilt utsliten, og krampar er nok det verste. Men det som er fint med Stoltzen er at det er fort gjort, seier Kolbjørn Hembre.

Foto: Privat

– Einaste treningsturen eg har hatt for i det siste var for 14 dagar sidan då eg gjekk saman med 120 menneske over vidden. Eg tek det berre på sparket, kan ikkje seie at eg har trent for dette.

Hembre kvir seg ikkje for å gå ut i Bergens-vêret i dag, som må kunne kallast relativt blautt.

– Eg har gått turen ein gong før. Det det okei i ti minutt, og ikkje fullt så ok i dei neste ti minutta. Det verste er når du nærmar deg toppen og er heilt utsliten. Men det som er fint med Stotlzen er at det er fort gjort.

I fjor var han oppe på 18 minutt. Det meiner han at han bør klare også i år.

– Viss ikkje, så lever eg heilt godt med det òg.

LES OGSÅ: Her tester Liv Grete formen før verdens bratteste motbakkeløp

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.