NRK Meny
Normal

– Må tona ned rolla si i valkampen

NRKs kommentator Magnus Takvam trur bråket rundt ordførar Trude Drevland er politisk ugunstig for byrådsprosjektet i Bergen. Han meiner Drevland ikkje kan ha ei viktig rolle i valkampen for Høgre.

Trude Drevland

POPULÆR, MEN I HARDT VÆR: Ordførar Trude Drevland i Bergen har fått mykje kritikk etter avsløringane før helga.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei

– Det faktum at Trude til å byrja med kom fram med opplysningane om denne Venezia-turen var eit forsøk på vera open og legga korta på bordet. Saka blir vanskeleg for ho når ho etter kvart må innrømma at ikkje alt stemte slik ho fortalde til å byrja med, seier Takvam.

Før helga vart det kjent at Trude Drevland i regi av skipsreiar Torstein Hagen fekk spandert tur med privatfly og to netter på luksushotell i Venezia. Alt i samband med rolla som gudmor for skipet «Viking Star».

​Får støtte

Magnus Takvam

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Foto: NRK

Mange har kravd svar på mange uavklarte spørsmål kring reisa til ordføraren.

I dag går skipsreiar Herbjørn Hansson ut i VG og støttar Drevland. Han meiner bergensordføraren blir mobba utan grunn.

– Eg er ikkje overraska over at ein så populær figur får støtte i ei så vanskeleg sak. Men måten ho handterte dette på har bidrege til å gjera saka meir alvorleg for ho, enn det såg ut til å byrja med, kommenterer Takvam.

Lobba for skipsreiaren

Trude Drevland

GUDMOR: Ordføraren er gudmor for skipet «Viking Star».

Foto: Viking Ocean

I helga har både Bergens Tidende og VG lagt fram e-post korrespondanse mellom skipsreiar Torstein Hagen og Drevland, og igjen korrespondanse frå ordføraren til næringsminister Monica Mæland.

I e-postane argumenterer Hagen for å få endra NIS-regelverket, slik at skipet hans kan få heimehamn i Bergen og gå mellom norske hamner. Drevland tok innspelet vidare til næringsminister Monica Mæland, tidlegare byrådsleiar i Bergen, og 30. mars i år var ny forskrift på plass.

Kor alvorleg er desse e-postane?

– Det er klart det kan vera alvorleg, men det er mange lause trådar som me ikkje har full oversikt over. Problemet er at så lenge ordføraren er sjukemeld kjem det inga utgreiing. Me må venta for å få alle fakta på bordet, seier Takvam.

– Kan måtte tone ned rolla si

På toppen av bråket rundt ordføraren kjem også kaoset i byrådet i Bergen. Om få månadar er det klart for kommuneval, eit val som kan bli ein skikkeleg thriller i Bergen.

– Sjølv om mange har sympati med Trude Drevland som medmenneske i ein slik situasjon, så er bråket dårleg PR. Ein må venta på dei endelege konklusjonane, men Drevland som ordførar vil nok måtta tona ned si eiga rolle i valkampen til hausten.

– I sum er denne saka politisk sett ugunstig for heile byrådsprosjektet og for partiet Høgre i Bergen, meiner Takvam.

Førebels inga gransking

Kontrollutvalet i Bergen kommune har inga planer om å setta i gang gransking av Drevland, men skal ha møte den 16. juni

– Viss det er nokon som viser interesse for at me burde granska saka då, så vurderer me det. Det er sjeldan at kontrollutvalet granskar ein personsak. Trude Drevland skal gje sin forklaring som enten kjem munnleg eller skriftleg, til forretningsutvalet, seier formann Thor Brekkeflat.

Trude Drevland er sjukemeldt, men sa før helga at ho skal svara på alle uoppklara spørsmål så snart ho er tilbake.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.