Hopp til innhold

– Viktig for pårørande å få svar

Prest Paul Erik Virgenes har i lang erfaring med å støtte pårørande etter alvorlege ulukker. – Det er viktig for dei pårørande å få svar på spørsmåla dei sit inne med i denne djupe sorga, seier han.

Prest

TUNGT: Prest Paul Erik Virgenes fortel at brå dødsfall i nære relasjonar kan ta svært lang tid å takle. Å få svar på spørsmåla ein sit inne med er viktig for å kome vidare.

Foto: NRK

– God informasjon og kloke menneske som ser folk i auga og gir ei ryddig skildring av kva som går føre seg er viktig no, seier Prest Paul Erik Virgenes

Han har mykje erfaring med store ulukker, og jobba mellom anna med pårørande etter Torghatten-ulukka i 1988. 36 personar omkom etter at eit Widerøe-fly styrta inn i Torghatten sørvest for Brønnøysund.

– Slike store ulukker rammar alltid lokalsamfunnet der ulukka skjer. I dette tilfellet er det mange som har sett ulukka skje, og opplever at heimstaden bli veldig eksponert i media. Mange i lokalsamfunnet veit også fleire som var om bord i helikopteret som styrta, seier presten.

– Det viktigste er å vere tilstade

Han legg sterk vekt på at det er viktig for pårørande å få svar på spørsmåla dei sit inne med.

– Mi erfaring er at mange opplever det som godt å vite kven som gjer kva, kor folk leitar og korleis Kripos jobbar til eksempel. Å få skikkeleg informasjon hjelper folk.

Det er viktig å tørra å vera eit medmenneske i denne tida.

– Dette er situasjonar kor kva ord ein vel ikkje er så viktig. Ein må ha mot til å berre vera til stades, vise omsorg, og til å gi informasjon, seier presten.

Marianne Bjorøy

SJOKK: Ordførar i Fjell kommune, Marianne Bjorøy, fortel at mange har sett og høyrt ting som framkallar sterke kjensler.

Foto: NRK

– Lokalsamfunnet er i sjokk

Lokalsamfunnet som blei råka denne gongen var det vesle samfunnet Turøy med rundt 150 innbyggjarar. Ordføraren i Fjell kommune fortel om eit lokalsamfunn som er i sjokk.

– Først og fremst er det tragisk at noko slikt kan skje. Det er veldig uverkeleg. Vi høyrer helikopter som flyr over her kvar dag. Vi hadde aldri sett for oss at det skulle skje noko slikt her hos oss, seier ordførar Marianne Bjorøy.

I går heldt kommunane Fjell, Sund og Øygarden møte for alle som bur på Turøy. Der var det mellom anna krisepsykologar og politi til stades.

– Mange har sett og høyrt mykje som kan vere vanskeleg. Eg trur at folk treng litt tid før dei klarar å ta inn over seg det som har skjedd. Det var godt å berre vera saman, seier Bjorøy.

Helikopterstyrt ved Turøy

AUGEVITNER: Fleire av innbyggjarane på Turøy såg eller høyrde helikopteret styrte. Det pågår framleis oppryddingsarbeid på staden.

Foto: Rune Meyer Berentsen

– Viktig å snakke med borna

Virgenes oppmodar skular og barnehagar til å snakke med borna om det som har skjedd. Han trur det er viktig at til dømes lærarar tar seg til å seie nokre ord om det som har skjedd.

– Born blir veldig prega. Dei reagerer også på dei vaksne sine reaksjonar. Det gjeld både born som er direkte prega, men også dei som har sett og høyrt ting på fjernsyn for eksempel. Det er mange framande og sterke inntrykk for barn, seier presten.

Både unge og vaksne har svært forskjellige måtar å takle sorga på. Korleis dødsfallet skjer påverkar også korleis sorga utartar seg.

– Vi er så utruleg forskjellige, og det er store variasjonar i korleis ein taklar noko slikt. Å bli ramma av eit plutseleg dødsfall i nære relasjonar, der livet blir snudd på hovudet på kort tid, tar lang tid for kropp og sjel å takle. Sorg er ofte prisen ein betalar for å elska, og det er ein tung pris, seier presten.