– Det er ein heil kommune som er innestengt store delar av vinteren, og sånn kan det ikkje vere, seier ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halseth.
Store snømengder og ras gjer riksveg 13 over Vikafjellet til eit mareritt for folk på begge sider av fjellet. No er vegen stengt igjen.
Denne vinteren har riksveg 13 vore stengt i over 1700 timer, som svarar til 70 døgn. Raset søndag er det tredje berre i april.
- SJÅ OGSÅ:
Lange omkøyringsvegar
Store deler av vinteren må bebuarane i Vik i Sogn og i Voss kommune ta i bruk lange omkøyringsvegar for å kome seg dit dei skal.
– Heile sogneregionen er avhengig av at Vikafjellet er open, og sånn som vinteren har vore i år så stadfestar det kor viktig det er med tunnel. No krev vi fortgang i planane, seier Halseth.
Avstanden mellom Vik og Vinje over Vikafjellet er normalt 47.2 kilometer. No er alternativa:
- Via Sogndal, Lærdal og E 16: 159 km pluss to ferjer
- Via Balestrand, Lavik–Oppedal og Mo: 264 km pluss to ferjer
Lova å skunda fram byggjestart
I over 50 år har Vik kjempa for å gjere Vikafjellsvegen til heilårsveg mellom Vik og Voss. Dei ønskjer seg ein tunnelen på 16 kilometer, som truleg vil koste mellom ein og to milliardar kroner.
10. juni 2013, dagen før Stortinget vedtok Nasjonal transportplan (NTP), lova Bård Hoksrud (Frp) no statssekretær i Samferdselsdepartementet, å skunda fram byggjestarten på ein trygg tunnel gjennom Vikafjellet.
– Vi håpar at det er fullt mogleg å koma i gang i 2014-2015, sa Hoksrud då.
Fleirtal for framskunding
Vikafjellstunnelen kom med i NTP, men med byggjestart i perioden 2018–2023. I stortingsvalkampen i 2013 lova både Høgre og KrF å flytte tunnelbygginga fram til 2018 eller tidlegare. På Stortinget er det difor fleirtal for framskunding.
– Førebels har vi ikkje klart å finne pengar til dette prosjektet, seier Hoksrud no.
Halseth er ein av mange som forventar at regjeringspartiet likevel skal holde det dei har lova.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Transportkomiteen over fjellet
Høgre sine representantar i transportkomiteen køyrer i dag over Vikafjellet i minibuss på synfaring.
– Vi kjem til å vise dei Vikafjellet og kvifor denne tunnelen er så viktig. Vi treng ein trygg heilårsveg, og no er det berre den politiske viljen som står att, seier Halseth.
– Ein heil kommune er innestengt store delar av vinteren. Når siste ferja har gått og fjellet er stengt, så er einaste alternativ helikopter. Dette går ikkje lenger, no må dei snart setje i gong med bygging av tunnelen, legg Halseth til.