Hopp til innhold

– Vi sette radioen på full guffe i vindauget

Håkon Joys og Egil Hetlevik var 18 år gamle på frigjeringsdagen i 1945: – Det var heilt eventyrleg!

Veteranar fortel om jubeldagen 8. mai 1945

– JUBLA: På 70-års markeringa for frigjeringsdagen fortalde dei to veteranane om korleis stemninga i byen var 8. mai 1945.

– Ah, det var jubel, folkemassar, og heilt eventyrleg etter dei fem åra! Folk var så glade og sprang rundt, det var slik ei glede over alt.

Dei to veteranane Håkon Joys og Egil Hetlevik hugsar godt korleis dei fekk høyre at tyskarane hadde kapitulert.

– Vi hadde jo hemmeleg radio i kjellaren, så me var jo godt orienterte. Vi sette radioen opp i vindauget i stova på full guff, så heile nabolaget fekk nyte godt av nyheita, fortel Joys.

LES OGSÅ: Tyskere og overløpere ble arrestert, mens befridde krigsfanger kunne juble

– Skulle berre mangle at ikkje Kronprinsen kom til Bergen

Dei to veteranane var 18 år gamle 8. mai 1945. I dag deltok dei på minnemarkeringa på Shetlands-Larsens brygge i Bergen. Der var også H.K.H Kronprins Haakon Magnus.

– Det skal bli kjekt å helse på Kronprinsen. Det skulle jo berre mangle at han ikkje kom til Bergen i dag. Han har jo gått på Sjøkrigsskolen, så han har jo litt bergensblod i årene. Han er heldig, smiler Joys.

Her blei 8. mai markert i Bergen

Minnemarkering frå Shetlands-Larsens brygge:

HKH Haakon kommer gående med følge, Mæland taler, legger ned krans, nær statue, kronprinsen legger ned krans

Minnemarkering på Bergenhus festning:

Byråd Eiler Macody-Lund og næringsminister Monica Mæland deltok på 8. mai-markeringen på Bergenhus festning fredag morgen.

Næringsministeren talte på æreskirkegården:

Næringsminister Monica Mæland taler ved kransenedleggelse på Solheim æreskirkegård 8. mai.