Hopp til innhold

– Vi må vera førebudde på ein katastrofe

I går gjekk katastrofealarmen då eit stort jordras dundra over Bergensbanen og E16. Ordføraren i Vaksdal ber folk førebu seg mentalt på ein raskatastrofe der menneskeliv går tapt.

Eirik Haga på rasstaden i Vaksdal på E16 og ved Bergensbanen

Ordførar Eirik Haga i Vaksdal kommune seier det berre var tilfeldigheitar som gjorde at menneskeliv ikkje gjekk tapt under jordraset i går. – Vi må vera førebudde på ein katastrofe på denne strekninga.

Foto: Privat

Opprydding etter ras på E16 og Bergensbanen

Det føregår opprydding på E16 i dag, målet er å opna vegen att klokka 17.00.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Nok ein gong kan vi puste letta ut. Heldigvis gjekk ingen liv tapt denne gongen, seier Vaksdal-ordførar Eirik Haga (Ap).

Det er snart gått eit døgn sidan eit lokaltog frå NSB køyrde inn det store jordraset som trefte både Bergensbanen og E16 mellom Trengereid og Vaksdal i Hordaland. Haga meiner det berre er tilfeldigheitar som gjorde at menneskeliv ikkje gjekk tapt.

– Det vil eg påstå. Det var 40 personar om bord i det toget. Samstundes gjekk raset over eit overbygg på Bergensbanen, som leda massane rett ned på den trafikkerte europavegen.

- Vi må vera mentalt førebudde

Ras E16 Vaksdal

Raset tysdag starta som eit glideskred med snø 500 til 600 meter over vegbana.

Foto: John Brudvik

E16 mellom Bergen og Voss har dei siste 15 åra vore heilt stengt 40 gonger på grunn av ras. For jernbana sin del er det 22. gongen på ti år at togtrafikken på Bergensbanen må stoppa på grunn av ras eller flaum.

Vegstrekningen blir på folkemunne også kalla «dødsvegen», grunna den høge frekvensen på alvorlege trafikkulukker.

Ordføraren i Vaksdal fryktar ein katastrofe neste gong eit ras råkar anten E16 eller Bergensbanen. Eller begge, slik som i går.

– Eg trur vi skal vera førebudd beredskapsmessig og mentalt. Vi må førebu oss på ein katastrofe. I går var det 15 ambulansar på veg til skadestaden. Heldigvis var det ikkje bruk for dei, seier Haga til NRK.

Ras ved Stanghelle E16

KNUST: Tunnelmunninga på Stanghelletunnelen vart fullstendig øydelagt i eit ras våren 2013.

Foto: Karl Martin Valestrand

Lei av trafikk-kaos

Når E16 mellom Bergen og Voss stengjer på grunn av ras og ulukker, er det den smale fylkesvegen 7 mellom Kvamskogen og Granvin som blir omkøyringsveg. I Granvin er ordføraren lei av kaoset det ofte fører til.

– E16 er jo stengt fleire gonger i året og det går kraftig utover lokaltrafikken. Det står køar med vogntog gjennom sentrum., seier ordførar Ingebjørg Winjum (V).

Trafikk i Kvanndal på grunn av rasstengt E16

Køar på omkøyringsvegen fv. 7 i dag.

Foto: Ingebjørg Winjum / Privat

I september 2013 vart fylkesvegen stengt i månadsvis på grunn av nettopp ras.

– No håpar vi fylkespolitikarane får fortgang i å utbetre vegen. Det er to rassikringsprosjekt på gang i Lussand og Haukanesberget som vil hjelpe, men det er framleis trongt fleire stader.

Rosar NSB

Til liks med fleire lokalpolitikarar krev Eirik Haga i Vaksdal fortgang i planane om utbetring av både veg- og togtraseen mellom Arna og Voss.

– Samferdselsministeren fekk KVU om Arna – Voss 1. april i fjor. Det er 13 månadar sidan. Mange som brukar vegen og reiser med Vossabanen har nesten slutta å tru på at vi som samfunn kan få til noko.

Samstundes rosar han NSB som raskt organisert alternativ transport med båt frå Arna til Stanghelle då ulukka var ute i går.

– Det er imponerande. Det har folk sett umåteleg pris på og det syner at NSB tek samfunnsoppdraget sitt på alvor, avsluttar ordføraren i Vaksdal.