Hopp til innhold

Unge i barnevernet reagerer på kampanje: ­– Skummelt å høyre at tilsette blir sjuke

#heiErna har samla inn 30 historier frå tidlegare barnevernstilsette som har sagt opp jobben. – Kampanjen kan påverke synet folk har på barnevernet og oss barna.

Barnevernsproffene Michelle (19) og Anika (20)

UROLEGE: Barnevernsproffane Michelle og Anika er redd historiene kan skremme barn som treng barnevernet. Dei vil heller ha fokus på kva barnevernet bruker tida på.

Foto: Forandringsfabrikken

Kampanjen blei starta etter statsminister Erna Solbergs nyttårstale, der ho ville høyre fleire suksesshistorier frå barnevernet. Barnevernstilsette frå heile landet har mellom anna delt videosnuttar med krav om fleire stillingar.

Anika (20) og Michelle (19) er samde i at barnevernet treng fleire tilsette, men reagerer på noko av innhaldet i kampanjen.

Dei er begge «barnevernsproffar» i Forandringsfabrikken – ei stifting som samlar inn barn sine råd om korleis barnevernet bør vere.

– Det blir snakka mykje om at barnevernstilsette blir sjuke. Det kan påverke synet folk har på barnevernet og oss barna, seier Michelle.

aksjon mot statsminister Erna Solberg

KAMPANJE: Barnevernstilsette ber regjeringa om fleire stillingar til barnevernet. Ine Haver seier historiene frå dei som har slutta i barnevernet, må forteljast.

– Ikkje så klokt

Barnevernsproffane har sjølv erfaring frå barnevernet, men formidlar også synspunkta til andre som har det.

– Vi vil at det skal kome fleire vaksne i barnevernet. Mange barn ønsker å treffe barnevernet oftare, seier Anika.

Men ho og fleire andre reagerer likevel på nokre av skildringane i #heiErna-kampanjen.

– At det å høyre barn fortelje kan gjere tilsette sjuke, synest eg er skummelt å høyre.

Ho fryktar barn vil tru det er for slitsamt for dei barnevernstilsette å høyre på dei. Anika ynskjer heller at dei tilsette kunne skildre jobbkvardagen direkte til politikarane i meir lukka rom.

– Når eg ser det i media, blir eg litt stressa og er ikkje sikker på at forma på kampanjen er så klok.

Erna Solberg møter #HeiErna

HEI ERNA: Statsminister Erna Solberg møter initiativtakar Ine Haver i lokala til barnevernet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Naudsynt å fortelje korleis det er

Ine Haver tok initiativ til kampanjen, og jobbar sjølv i barnevernstenesta i Stavanger. Ho tykkjer det er trist at barn opplever kampanjen slik.

– Men vi som jobbar i barnevernet og møter desse familiane, blir jo påverka av historiene.

Ho meiner det er naudsynt å fortelje korleis det er å jobbe i barnevernet.

– Det er viktig å forklare at vi treng fleire tilsette fordi vi har vanskelege og for mange saker, og må ha tid til å gå til rettleiing – nettopp på grunn av dei tøffe tinga vi høyrer i jobben.

Haver understrekar at det er mange årsaker til at barnevernstilsette blir sjuke eller sluttar i jobben.

– Kampanjen handlar om at vi treng fleire tilsette, ynskjer betre tid med barna som treng det mest, og at ein tar betre vare på oss tilsette.

– Bruk tida på oss

Barnevernsproffane etterlyser også at #HeiErna-kampanjen og andre diskuterer korleis ein kan gjera barnevernet betre.

– Det er ikkje sikkert alle møta mellom vaksne gir best svar på kva som er gode tiltak, seier Michelle.

– Det alle viktigaste er at barnevernet brukar tid på det som er viktigast for barn, slik at vi får betre liv, legg Anika til.

  • Av omsyn til seg sjølv og familien nyttar barnevernsproffane berre fornamn når dei uttaler seg til media.