Hopp til innhold

– Vi har sett veldig fram til denne utstillinga

I dag var det storfint besøk i Rosendal. Dronning Margrethe og dronning Sonja stilte for fyrste gong ut sine kunstverk i ein felles utstilling kalla «Fra fjell og kyst» på Baroniet.

VIDEO: For fyrste gong stiller dronning Sonja og dronning Margrethe ut sine eigne verk – saman.

VIDEO: For fyrste gong stiller dronning Sonja og dronning Margrethe ut sine eigne verk – saman.

– Eg er veldig stolt og glad. Vi har begge to vore veldig spente til denne spesielle opninga, seier dronning Sonja.

Dronning Sonja og dronning Margrethe opna i ettermiddag utstillinga «Fra fjell og kyst» i Baroniet i Rosendal. For fyrste gong stiller dei to ut sine eigne verk – saman.

– Sjølv om Danmark-Noreg var saman i fire hundre år og det vart eit politisk skilje i 1814, så vil eg sei at dei kulturelle banda framleis er veldig sterke mellom våre to land, seier dronning Sonja.

Begeistra for kvarandre

Begge dronningane er blitt inspirerte av naturen.

– Vi har begge brukt naturen, både fjellet og kysten i bileta våre. Eg har blitt sterkt inspirert av den norske naturen og spesielt frå alle skiturane i Noreg, seier dronning Margrethe.

Den danske dronninga viser fram 24 måleri, medan vår dronning stiller ut 32 bilete, hovudsakleg grafikk. Dei er begeistra for kvarandre sitt arbeid.

– Eg har sett veldig fram til denne utstillinga i Rosendal. Det er veldig spennande å få moglegheita å stille ut med Sonja, og det er veldig kjekt å sjå no kor langt Sonja har kome og så mykje ho kan. Eg er verkeleg imponert over kunstverka, seier dronning Margrethe.

– Og det er frå ein erfaren og dyktig kunstnar. Tusen takk Margrethe, svarar dronning Sonja.

Utstillinga deira er ein del av 350-årsjubileet til Baroniet i Rosendal, som skal hengja til september. Og for dei som lurar – ingen av verka er til sals.