Hopp til innhold

– Vi betraktar dette som eit drapsforsøk

42-åringen som vart knivstukken i halsen på Cafè Opera i Bergen, ligg framleis i kunstig koma på Haukeland. Politiet manglar vitne som såg hendinga.

Café Opera

STÅR FRAMLEIS UTAN MISTENKTE: Politiet har ingen vitner som såg knivstikkinga på Cafè Opera i Vaskerelven i Bergen sentrum natt til laurdag. Dei er framleis svært interesserte i tips om saka.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Dermed er det framleis ingen som er arresterte etter den alvorlege valdsepisoden i Vaskerelven i Bergen sentrum natt til laurdag. Inne på utestaden og restauranten Cafè Opera vart ein 42 år gamal mann stukken med kniv i halsen.

– Ikkje mogleg med avhøyr

Politioverbetjent Rigmor Isehaug ved valdsavsnittet i Hordaland politidistrikt seier til NRK at saka vert etterforska som drapsforsøk.

Mannen vart sendt rett til Haukeland sjukehus for operasjon, og ligg måndag framleis i kunstig koma med alvorlege skader.

– Vi får difor ikkje fått gjort avhøyr av han. Beskjeden vi har fått frå Haukeland er at det ikkje vil vera mogleg i dag, seier politioverbetjent Rigmor Isehaug ved valdsavsnittet i Hordaland politidistrikt.

Har ikkje vitne som såg episoden

Politiet gjer både taktisk og teknisk etterforsking i saka. Mellom anna har dei henta inn bilete frå overvakingskamera for å sjå om det finst bilete av ein eller fleire gjerningspersonar.

Det er fleire vitne som er avhøyrt i saka, også betjeninga som var på jobb den natta. Men ingen av vitna som er avhøyrt til no har sett sjølve episoden.

– Vi har førebels ingen vitne som har sett knivstikkinga. Så vi er svært interesserte i fleire tips og observasjonar frå publikum, seier Isehaug.

Om du var på Cafe Opera eller har opplysningar i saka, tips politiet på telefon 02800.