NRK Meny
Normal

– Vestlandet bør rassikrast med taxfreepengar

Miljøpartiet Dei Grøne lanserer sin eigen transportplan, der flytrafikken får lide. – Vi kan hente fleire milliardar frå taxfree-salet kvart år.

Arild Hermstad

GRØNT: Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne vil mellom anna ha ei grønare luftfart.

Foto: Jon Skille Amundsen / Pressebilde

– Dette er eit alternativ til regjeringa sin transportplan, seier Miljøpartiet Dei Grøne sin førstekandidat i Hordaland, Arild Hermstad.

Han står i spissen for den grøne transportplanen, der MDG vil «omstille Noreg til eit ekte lågutsleppssamfunn, redusere øydelegginga av natur og matjord, og redusere den farlege luftforureininga i byane våre».

Dette skal mellom anna gjerast ved å kutte i vegsatsingar, dersom partiet får det som dei vil.

– Vi flyttar om lag 130 milliardar kroner frå veg til jernbanesatsing. I tillegg seier vi nei til ei rekke vegprosjekt som ferjefri E39, og set av meir pengar til rassikring.

Luftfart inn i NTP

Dei ekstra pengane som trengst til rassikring, jernbanesatsing, betre kollektivtransport og betre ladenett i distrikta, vil MDG mellom anna henta frå Avinor – som partiet vil ha inn i transportplanen.

– Det er rart at luftfart ikkje er teke med som ein del av planen for korleis Noreg skal sjå ut på transportfeltet dei neste tolv åra. Vi flytte overskotet frå Avinor si verksemd over til investeringar i miljøtiltak, seier Hermstad.

Medan det er brei politisk semje om å kutte klimautsleppa frå andre delar av transportsektoren, har vi svært få verkemiddel som er sett inn for å begrense dei auka utsleppa frå flytrafikken. Dei Grøne vil difor seie nei til planleggingen av uvida lufthamner i denne perioden. Når teknologiutviklinga gjer fly utan utslepp dominerande, vil vi revurdere denne innretninga.

Miljøpartiet Dei Grøne sin transportplan

Som del av dette vil Hermstad også taxfree-ordninga til livs. Partiet meiner pengane herfrå bør gå til Samferdsledepartementet, i staden for Avinor.

– Taxfree-ordninga favoriserer luftfarten, på kostnad av meir miljøvenlege alternativ. Det vil vere mogleg å hente om lag 3,5 milliardar kroner kvart år frå ordninga, seier Hermstad.

Taxfree, Gardermoen

FLYTTE OVERSKOTET: Miljøpartiet Dei Grøne vil flytte overskotet frå taxfree-ordninga frå Avinor og over til Samferdsledepartementet.

Foto: Andrea Kluge / NRK

Til slutt er målet å kvitte seg med heile ordninga. Fram til dess vil partiet bruke overskotet til elfly, elferjer, kollektivtrafikk og rassikring.

– Truleg er det naudsynt med ei gradvis nedtrapping fram til 2023, grunna avtalane som er inngått. Det vil nok framleis vere eit overskot frå Avinor si kommersielle drift også etter at ordninga er avvikla.

Klar for motstand

– Trur du dette er gjennomførbart?

– Definitivt. Klart det alltid er meir populært å auke taxfree-kvotar og sleppe ting fri, men vi er nøydde til å ta grep som møter motstand. Med vår plan vil Avinor likne meir på Jernbanedirektoratet og Statens vegvesen.

Utsleppa frå samferdselssektoren har auka sidan 1990, og dei har særleg vakse i flytrafikken og i vegtrafikken. Vårt mål er å snu denne trenden, og sørge for 50 prosent kutt i klimautslippene fra samferdsel innen 2030 ut fra dagens nivå.

Miljøpartiet Dei Grøne sin transportplan

Til skredsikring har MDG lagt fem milliardar kroner meir i potten enn regjeringa.

– I staden for 12 milliardar vil vi bruke 17 milliardar. Det er mykje pengar, men heilt naudsynt: Klimaet er allereie i ferd med å endre seg, noko som gjer særleg vegane på Vestlandet skredutsette.

19. juni skal Nasjonal Transportplan (ekstern lenkje) behandlast i Stortinget. Då vil Dei Grøne legge fram sitt nye forslag.

– Vi reknar ikkje med å få fleirtal for planen, men vi vil sjå kvar dei andre partia står – og setje ein heilt anna dagsorden på dette feltet, avsluttar Hermstad.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.