Hopp til innhold

Ber russen passa på hørselen

Russefeiringa er i full gang i Bergen. Men fest vert det fyrst når tolv svære høgtalarar er på plass.

Video Høyt lydnivå på russebuss i Bergen

VIDEO: Gutane i russebussen «Sons of Anarchy» lastar bussen full med tolv høgtalarar på taket, og får uventa besøk frå Hørselshemmedes Landsforbund.

– Det vert liksom ikkje noko festbuss viss ikkje det er noko lyd. Heile greia med russebuss er at du skal skapa mykje stemning for andre, seier Mats Brendesæter.

Han er med på russebussen «Sons of Anarchy» i Bergen. Bussen har også fått kallenamnet «millionbussen», då den skal vera den dyraste i byen.

– Viktig med god lyd

Då NRK vitjar medlemmene på bussen er dei i full gang med rigging og opplading for året sin store russefest. Og til det trengs det god lyd, skal me tru gutane sjølve.

– Det er det som får folk til å dansa, seier medlem av russebussen, Ruben Schmidt Mällberg.

– Så det er det det går i, det er ingen russebuss utan eit bra musikkanlegg, legg han til.

– Ta vare på øyrene

For å gjera feiringa optimal, har gutane på «Sons of Anarchy» leigd tolv svære høgtalarar for femti tusen kroner. Dei har joba hardt for få å bussen ferdig til dåpen, men får uventa besøk av nokon som vil setja ein dempar på musikken.

– Me er her for å få desse folkene til å forstå kor viktig det er at dei passar på hørselen sin, seier Glenn André Gjerde, økonomiansvarleg for Hørselshemmedes Landsforbund Ungdom (HLFU) i Bergen.

– Med tanke på alle høgtalarane dei puttar både på taket og inni bussen, så hadde eg ikkje gått inn der. Det er heilt garantert, legg han til.

Beskjeden er klar, musikk på hundre desibel kan vera skadeleg.

– Eg ville gått med øyreproppar same søren, i alle fall der det er musikk. Ta også ein pause ein gong i blant i meir rolege områder, seier Gjerde.