Hopp til innhold

– Verken ompamusikk eller svære seidlar

Når Bergen Ølfestival i helga blir arrangert for tredje gong, er det nye og gamle smakar, øltypar og bryggetradisjonar som møter både kjennarar og nyerklærte entusiastar.

Bergen ølfestival

STAMGJESTER: Elisabeth Thomassen og Willy Kårevik er på Bergen Ølfestival for tredje gang. Dei hygger seg med å smake på forskjellige ølsortar frå dei 19 bryggeria som har tatt turen til festivalen.

Mange koplar ølfestivalar til ompamusikk og svære seidlar og fyll. Men dette er ikkje ein slik festival.

Stian Krog, leiar for Bergen ølfestival

– Her har eg ein surøl med granskot-sirup. Det var ganske mørkt, men eg kjende likevel smaken av gran.

Under dei kvite teltdukane i Skostredet i Bergen, smakar Lene Mari Kolås på øl frå dei mange bryggeria som freistar med nye og uventa smakar.

– Øl er jo blitt meir som vin. Før drakk folk gjerne berre vanleg pilsner, men no smakar ein gjerne på litt meir ulike typar. Eg kan ikkje seie at eg har så god peiling, men eg likar øl, seier Kolsås.

Og for dei som likar øl, er det nok å smake på under festivalen i helga. 19 bryggeri er på plass med sine eigne brygg. Det handlar om øltradisjon- og kultur, men også om nyskaping når bryggeria presenterer nye øltypar og smakssamansetjingar.

LES OGSÅ: Norsk pils taper mot utenlandske giganter

– Alle oppskriftene er ikkje spikra

Lene Mari Kolsås

PÅ FESTIVAL: – Øl er jo blitt meir som vin. Før drakk folk gjerne berre vanleg pilsner, men no smakar ein gjerne på litt ulike typar, seier Lene Mari Kolsås som fredag var innom Bergen Ølfestival.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Me prøver jo å høyre etter kva dei seier om ølet og høyrer om dei likar det. Det er jo difor me bryggar, for at folk skal drikke det, seier Gahr Smith-Gahrsen, bryggmeister i bryggeriet 7 fjell.

Og er vurderinga god, nyttar dei gjerne moglegheita til å finjustere produkta.

Gahr Smith-Gahrsen

FÅR TILBAKEMELDINGAR: – Me prøver jo å høyre etter kva dei seier om ølet og høyrer om dei likar det, seier bryggmeister i 7 fjell, Gahr Smith-Gahrsen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Viss me får seriøse tilbakemeldingar, så kan me ta det med oss når me skal justere oppskrifter. Alle produkta våre er jo nye, så det er ikkje slik at alt er spikra, seier han.

– Ein drikk på ein sunnare måte enn før

Bergen Ølfestival vert denne helga arrangert for tredje året på rad. Dei mange nye bryggeria som har etablert seg dei siste åra, gjer dette til ein god stad å få bli kjent med nye ølsortar, seier Petter Nome, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen, som sjølvsagt er på plass under festivalen i helga.

– No poppar det opp bryggeri overalt, og det er eit mangfald utan like i smakane. Det gjer at folk får eit anna forhold til øl. Ein drikker på ein sunnare og meir ansvarleg måte når det handlar om å smake og drikke øl til mat, ikkje om å bøtte i seg mest mogleg.

LES OGSÅ: Her tappes et historisk øl

– Verken ompamusikk eller fyll

Petter Nome

– BEGEISTRA: – No poppar det opp bryggeri overalt, og det er eit mangfald utan like i smakane, seier Petter Nome, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Tidleg fredag var det alt eit stort frammøte av folk på festivalen.

– Det ser jo ut som om ein del har tatt seg fri frå jobb for å komme på festivalen, og det er hyggeleg, smiler Stian Krog, leiar for Bergen Ølfestival.

Litt myteknusing kring eit arrangement av denne typen, må til meiner han.

– Mange koplar ølfestivalar med ompamusikk og svære seidlar og fyll. Men dette er ikkje ein slik festival. Det handlar om smak, å bli kjent med nye øltypar, å diskutere og finne ut kva ein likar, og å oppleve nye bryggeri og ny øl.

Festivalen held til i Skostredet/Vågsbotn i Bergen 5. og 6. september.