Hopp til innhold

– Vent med å brenna hageavfall, no aukar grasbrannfaren

Lite nedbør og berre bakkar gjer at gras- og lyngbrannfaren er stor mange stader på Vestlandet. Brannsjefen i Eidfjord har lagt ned forbod mot bruk av open eld der det ikkje ligg snø.

Brannvesenet rykte ut til Grasbrann på Stavanes i Eidfjord

EIDFJORD: Brannvesenet måtte rykkja ut til grasbrann på Stavanes i Eidfjord torsdag. No har brannsjefen lagt ned forbod mot bruk av open eld der det ikkje framleis ligg snø.

Foto: Gunvall Medhus

Mange stader er snøen vekke. Folk kosar seg i tidleg vårsol, og mange gler seg over at det ikkje kjem verken regn eller snø. Men mangelen på nedbør gjer at gras- og lyngbrannfaren aukar for kvar dag.

Torsdag byrja det å brenna i Eidfjord. Det bles kraftig i området, og brannvesenet var redd elden skulle spreia seg raskt. Då brannen var sløkt var eit område på 100 gongar 50 meter svidd av.

– Eg var sjølv med på å sløkkja brannen i Simadalen, og såg at det er heilt tørt i graset. Då innførte eg eit generelt forbod mot bruk av open eld ute. Det fortel brannsjef i Eidfjord, Granvin og Ulvik, Egil Holven.

Lyng- og grasbrann i Simadalen i Eidfjord

SIMADALEN: Brannvesenet fekk kontroll over brannen på Stavanes.

Foto: 03030-tipsar

Forbodet gjeld alle stader i Eidfjord der det ikkje ligg snø.

– Her er det like tørt som det plar vera i april. Det er kastevindar, og eit bål kan spreia seg veldig fort, seier brannsjefen.

Han ber alle som planlegg bråtebrenning om å utsetja det.

Vent med å brenna hageavfall

Også i ytre strok er det no så tørt at brannvesenet ber folk leggja fyrstikkene att inne.

– No tørkar gamalt gras og lauvet frå i fjor fort. Og det tek veldig lett fyr, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland.

Det fine vêret får lokkar mange ut for å arbeida i hagen eller på garden. Og slikt arbeid fører ofte til haugar med gras og greiner ein gjerne vil brenna opp.

Det er meldt strålande sol og kraftig vind i Rogaland

SOL OG VIND: Varselet om strålande sol og kraftig vind på yr.no går ikkje godt saman med bålkos og bråtebrann.

Foto: NRK / NRK

– Vent med brenninga til det har regna litt. Det skal ikkje mykje vind til før det tek av, seier Drotningsvik.

Brannfaren aukar fram til tysdag

Det er varsla mykje fint vêr i dagane som kjem. Faktisk er det ikkje venta nedbør i Sør-Noreg før onsdag neste veke, fortel meteorologikonsulent ved vêrvarslinga på Vestlandet Jan Arnetvedt.

– Då ser det ut til å koma snø i indre strok, og regn i ytre. Til dess skal det halda seg tørt, og det vil seia at skogbrannfaren truleg vil auka, seier han.

Ikkje uvanleg

Mange gressbranner

KARMØY: Flammane herja på Karmøy 23. mars 2013.

Foto: Tor Andre Johannessen / NTB Scanpix

Det er ikkje uvanleg med grasbrannar i mars. For fem år sidan herja flammane fleire stader i Rogaland i slutten av mars og byrjinga av april.

Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjera opp eld i utmark eller nær skog utan løyve frå kommunen, men det mange stader kan det no verta innført bålforbod alt no.

Vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland ber alle som vurderer å gjera opp eld utandørs om å sjekka nettsidene til kommunen før dei gjer det.

– Der vil det stå om det er innført forbod mot bruk av open eld i naturen ute der du bur.

Laster Twitter-innhold