Hopp til innhold

– Vanskelegare å sløkke brann i elbilar

Brannvesenet må rykke ut med ekstra store styrker når dei får melding om el- og hybridbilulukker.

Elbil på Mosseveien

– KREVJANDE: Den nye bilteknologien krev anna utstyr, andre rutinar og sløkkemetodar ved brann, seier brigadeleiar i Bergen brannvesen, Kjell Ove Christophersen.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Sjølv om salet av bilar som har elektrisitet og straum som drivstoff har auka kraftig i Noreg dei siste åra, har brannvesenet framleis lite erfaring med å sløkke brann i slike køyretøy. Dette er også årsaka til at brannvesenet set inn ekstra bilar når dei rykker ut til ulukker der ein elbil er involvert.

Kjell Ove Christophersen

– UTFORDRANDE: Det er utfordrande å følgje med på den nye bilteknologien for brannvesenet, seier brigadeleiar i Bergen brannvesen Kjell Ove Christophersen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Som oftast kan me hente informasjon frå utlandet, for der er det tettare trafikk og fleire hendingar enn i vesle Noreg. Men no er det plutseleg me som har flest elbilar per innbyggjar. Me kan ikkje gå ut i Europa og spørje kva skjer med elbilar i ulukker, det er her erfaringane må komme frå, seier brigadeleiar i Bergen brannvesen Kjell Ove Christophersen.

LES OGSÅ: Én av ti solgte biler går på strøm | Drosjer skal skiftast ut med el- og hybridbilar

– Krev andre sløkkemetodar

Den nye teknologien krev anna utstyr, andre rutinar og sløkkemetodar ved brann. Men sidan teknologien er forholdsvis ny, veit ein enno lite om brann i slike bilar, fortel Christophersen.

– Det me gjorde i går med dei tradisjonelle køyretøya er kanskje ikkje tilstrekkeleg for dei nye energikjeldene. For eksempel vil det i tradisjonelle bilar vere mogleg å sløkke med normale mengder vatn, medan ein brann i ein elbil vil ha så høg temperatur at me trenger enorme mengder vatn for å sløkke ein fullt utvikla brann.

Brann i buss på Birkelundsbakken Bergen

GASSBUSS TOK FYR: Brannar i dei nye typane bilar og bussar som går på elektrisitet og gass, krev andre ting enn andre brannar, seier brigadeleiar i Bergen brannvesen Kjell Ove Christophersen

Foto: Eivind Pettersen

– Ikkje meir brannfarlege

Brannvesenet har til no opplevd få brannar i dei nye typane bilar og bussar som går på elektrisitet og gass.

– Men det vert jo fleire og fleire, og då vil me nok få fleire ulukker også. Folka våre skal øvast og trenast til å handtere dei nye bilane, og dei må kanskje ha anna utstyr. Det er ein anna type drivstoff som har andre problemstillingar, seier Christophersen.

– Det er viktig å seie at me ikkje opplever dette som ein stor risiko for publikum, eller ein stor belastning for oss, men det er ei utfordring å henge med på det som skjer, slik at me kan handtere det på ein skikkeleg måte.

LES OGSÅ: Frykter vann kan utløse brann i elbiler | Har lite kunnskap om elbiler i brann

Nye krav frå 1. april

I Noreg er det Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som har ansvar for brann- og eltryggleik i Noreg. Sjefingeniør for eltryggleik i DSB Jostein Ween Grav, stadfestar at brannar i el- og hybridbilar skil seg frå brannar i vanlege bilar.

Jostein Ween Grav, DSB

NYE KRAV: Sjefingeniør for eltryggleik i DSB Jostein Ween Grav seier blir innført nye krav til EU-kontroll av el- og hybridbilar frå 1. april.

Foto: Bjørn Ruud/NRK

– Ein vanleg brann kan ein sløkke med vatn og skum, men her må batteriet kjølast ned langsamt og lenge. Men me har ingen grunn til å seie at det brenn oftare i elbilar, eller at det er farlegare enn ein brann i bensin- og dieselbilar.

Frå 1. april trådde nye reglar i kraft som skal førebyggje brann i el- og hybridbilar, fortel Grav.

– Det vert innført fem nye punkt i EU-kontrollen. Mellom anna blir det no eit krav at bilførarar må ha med ladekabelen i bilen til kontrollen, slik at desse kan sjekkast.

LES OGSÅ: Her ser du årets biltrend