Hopp til innhold

– Uverdig å melde avgang via Facebook

Å melde avgang på ei Facebook-melding midt på natta er uverdig og primitivt. Det meiner professor og statsvitar, Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

DÅRLEG HANDTERING: Professor Frank Aarebrot meiner byrådet i Bergen bør ha betre metodar for korleis dei skal handtere avgangar.

Foto: NRK

Framstegspartiet har måndag kveld hatt krisemøte for å finne vegen vidare etter at kultur- og idrettsbyråd Gunnar Bakke (Frp) melde sin avgang natt til måndag.

Professor Frank Aarebrot meiner handteringa av saka viser mangel på verdigheit og rituale.

– Det å gå ut av byrådet på ei Facebook-melding synest eg er veldig primitivt, seier han til NRK.

– Burde hatt pressekonferanse

NRK skreiv tidlegare i dag at byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H) skal ha gitt Bakke klar beskjed om at han ikkje hadde hennar tillit. Årsaka skal ha utgangspunkt i ein langvarig personkonflikt mellom dei to.

Ifølgje Bergens Tidende skal Stolt-Nielsen søndag kveld ha bede Bakke om å trekkje seg innan femten timar eller bli sparka frå jobben.

Aarebrot meiner Bergen burde hatt rituale i høve med avgang slik som ein har både i byrådet i Oslo og på statsnivå. Bakke burde heller informert om avgangen på ein pressekonferanse morgonen etter, meiner professoren.

– Pressa og befolkninga har lov til å vente seg ein viss verdigheit. Han burde ha meldt sin avgang på ein pressekonferanse der pressa, som representant for veljarane, kunne ha fått stille spørsmål. Han hadde ikkje jo trengt å svare på alle spørsmål. Også Stolt-Nielsen burde ha vore tilgjengeleg for spørsmål, seier Aarerot.

– Rett til å ytre mistillit

Trass i at valforskaren meiner handteringa av avgangen var dårleg, meiner han likevel at byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen var i sin fulle rett til å ytre sin mistillit.

– Om det skjer seg personleg når det gjeld tillit mellom statminister og ein statsråd, eller byrådsleiar og ein byrådsmedlem i dette tilfellet, så er det slik at det er statsråd eller byråd som må gå og ikkje byrådsleiaren, seier Aarebrot.

– Byrådsleiaren er heilt avhengig av å ha tillit til dei ho skal samarbeide med. Så Stolt-Nielsen er i sin fulle rett til å gi beskjed til ein byråd at tilliten er forsvunnen. Den enkelte byråd er ansvarleg for sitt saksfelt, men byrådsleiaren er ansvarleg for alle byrådar sine saksfelt. Slik er parlamentarismen, seier han.

Spent på Frp si handtering

Han meiner det no blir spennande å sjå kva moglegheiter Frp har slik situasjonen er.

– Om dei ønskjer å halde fram byrådssamarbeidet kan dei signalisere det ved å få inn ein ny person til å erstatte Gunnar Bakke relativt fort, men om dei blir sitjande igjen med berre ein representant i byrådet så er det eit signal på at dei nesten er på veg ut, seier professoren.

– Kan det tenkjast at dei ønskjer å trekkje seg ut?

– Det er umogleg å seie, men det kan jo tenkjast at det er ein slags valteknikk for å kunne leike opposisjon det siste året før kommunevalet i håp om å betre sine resultat. Men det håpar eg i tilfelle veljarane ser gjennom, seier Aarebrot.