NRK Meny
Normal

– Unner ingen andre å hamne i same situasjon

Talet på trafikkulukker har dei siste ti åra gått kraftig ned over heile landet. Robert Skogvold (27) vart lam i ei ulukke i 2011, og gjer det han kan for å få ulukkestala endå lengre ned.

Robert Skogvold

TRAFIKKSKADD: Robert Skogvold (27) vart lam frå brystet og ned i ei trafikkulukke i 2011. Men færre og færre hamnar i same situasjon som han.

Foto: Privat

– Eg skulle sjølvsagt ønskt at eg var som før, men eg er mest glad for at det ikkje gjekk endå verre, seier Robert Skogvold (27).

I april 2011 vart livet hans drastisk forandra. 27-åringen var passasjer i ein bil som køyrde utfor E39 ved Heiane på Stord. Skogvold vart lam frå brystet og ned.

– Det er mykje eg ikkje kan gjere no, som eg kunne før. For meg som har opplevd dette, så unner eg ikkje nokon andre å hamne i same situasjon som meg.

Og det er færre og færre som hamnar i alvorlege trafikkulukker slik Robert gjorde i 2011.

Bil totalskadd i ulykke

FÆRRE ULUKKER: To personar fekk lettare skadar då fem bilar kolliderte på E16 i Vaksdal på julaftan i 2011. Dette er mellom dei mest utsette strekningane i Hordaland, men talet på ulukker er på veg ned.

Foto: Remi Presttun, Bergensfoto

Halvering i trafikkulukker

Ulukkesstatistikken dei siste ti åra viser ein jamn og stabil nedgang over heile landet.

I Hordaland har talet på trafikkulukker halvert seg frå 820 ulukker i 2005 til 378 ulukker i 2016 (t.o.m. november). Talet på trafikkskadde er også halvert, frå 1187 skadde for ti år sidan til rundt 500 skadde i fjor.

– Vi har ulike fagrupper som jobbar saman for å gjera trafikken i Noreg tryggare. Vi har også fått betre vegar og bilane er blitt tryggare. Alt i alt gjer dette at vi har fått den nedgangen vi ser no, seier distriktsleiar Terje Oksnes i Utrykkingspolitiet i Vest.

Laster innhold, vennligst vent..

Fleire årsaker

Som UP-sjef har han detaljkunnskap om kvar flest av dei alvorlege trafikkulukkene skjer.

Terje Oksnes, UP

NØGD: Distriktssjef i UP Vest, Terje Oksnes, seier det er fleire årsaker til at ulukkestala har gått nedover.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Det er på E16 mellom Bergen og Voss og på E39 over Stord. Her har det vore flest hardt skadde og altfor mange drepne. Men også her har vi hatt ein kraftig nedgang i ulukkene dei siste åra. På desse vegane er fartsgrensa sett ned, sideterrenget er blitt sikrare og midtstripa har blitt ekstra markert, sokalla «rumlefelt».

Laster innhold, vennligst vent..

Nøgde

Også i Trygg Trafikk er dei svært glade over utviklinga i ulukkestala.

– Det er kjekt at me i eit fylke som har slite med å halde tritt med nedgangen i resten av landet, no klarer å få til ei god utvikling. Det er inspirerande at vi ser effekten av jobben som er gjort og betringa i åtferda til trafikantar flest, seier distriktsleiar Knut Olav Røssland Nestås.

Trass ein nedgang i det totale talet på trafikkulukker, mista 135 personar livet i trafikken i 2016, ein auke frå 2015.

Fortel om ulukka

Robert Skogvold har sjølv blitt ein del av statistikken over skadde i trafikken. No held han foredrag for ungdom for å bidra til å hindre ulukker.

– Det er veldig bra å høyre at ulukkestala har gått såpass ned. Viss eg kan hjelpa andre, så hjelper det også meg. Det gir meg mykje, seier 27-åringen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.