Hopp til innhold

Kristine (32) er legesenterets mest erfarne – har berre vore lege i fire år

LANDÅS (NRK): – Yngre legar kan ikkje kutta i pasientlister. Dei har heilt enkelt ikkje råd. Difor sluttar mange på grunn av arbeidspresset.

Fastlege Kristine Løwø

KRISE: Fastlegekrisa kjem til å bli forverra, åtvarar Kristine Løwø. – Radikalt forandra på få år.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Medan etablerte legar kuttar i pasientlistene, aukar presset på dei yngre. Med fire års erfaring er Kristine Løwø (32) no den fastlegen ved Landås legesenter med lengst fartstid som fastlege.

– Sidan 2014 har ting endra seg radikalt. Eg stortrivst i jobben som fastlege, men eg er redd arbeidsmengda og arbeidsgjevaransvaret som kjem på toppen er avskrekkande for mange unge legar.

Fastlege Niels Saaby Hansen fortalde nyleg NRK at han strauk 200 pasientar frå pasientlista si.

Løwø starta med blanke ark og såkalla «nulliste» i 2014, men fekk raskt 1200 pasientar. Ho vil ikkje kritisera legane som trappar ned, men fryktar fastlegeordninga bryt fullstendig saman, dersom noko ikkje gjerast raskt.

– Konsekvensen blir til slutt at pasientar blir ståande utan fastlege, meiner Løwø.

Fastlege Kristine Løwø

PAPIRARBEID: Økonomistyring, personalansvar og drifting av IKT-system er nokre av oppgåvene legane ved Landås legesenter har som sjølvstendig næringsdrivande. – Arbeidssituasjonen er per i dag ikkje haldbar, seier Kristine Løwø.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Får mindre betalt – tør ikkje kutta pasientar

Leiar i Allmennlegeforeningen, Tom Ole Øren, kjenner seg att i kvardagen Løwø skildrar.

– Spesielt ser me ei forverring dei to siste åra. Unge slit med å etablera seg, seier Øren.

Løwø og kollegaane på Landås slit med å få tak i kvalifiserte søkarar til den fastlegeheimelen hjå dei som no står tom.

– Ein av legane slutta nyleg, men utvalet av søkarar er lite.

Sjølv har ho nyleg fått barn, og kan ikkje jobba like mykje som før. Løwø er ikkje ferdig utdanna spesialist i allmennmedisin, og får dermed mindre betalt per konsultasjon.

– Yngre legar, som gjerne er i etableringsfasen med barn og huslån, kan ikkje kutta i pasientlister. Dei har heilt enkelt ikkje råd. Då endar det med at mange sluttar grunna arbeidspresset, seier ho.

Tom Ole Øren, leder i Allmennlegeforeningen

KRITISK: Tom Ole Øren, leiar i Allmennlegeforeningen, meiner situasjonen for fastlegeordninga er kritisk og nærmar seg brestepunktet.

Foto: NRK / NRK

Allmennlegeforeningen: – Forverring siste to åra

For å avhjelpa det dei meiner er ein kritisk situasjon, la Allmennlegeforeningen sitt styre på landsmøtet førre helg fram ei skisse til ein ny finansieringsmodell for fastlegeordninga:

  • Normtalet for fastlegelistene bør vera 1000 pasientar, ikkje 1500, som i dag.
  • Innføring av eit grunntilskot for dei første 0–500 pasientane på lista, tidsavgrensa i to år. Dette for å sikra at unge legar som startar på «nulliste» kan få tryggare økonomi.
  • Meir i basistilskot per pasient opp til for eksempel 800 pasientar. Eit mindre basistilskot til legane som har mellom 800 og 1500 pasientar.

– Me håpar regjeringa set av pengar allereie i revidert statsbudsjett for 2018. Det trengst eksterne midlar og ein tydeleg opptrappingsplan for å redda fastlegeordninga, meiner Øren.

Maria Jahrmann Bjerke

– GIR TILSKOT TIL YNGRE LEGAR: – Rekrutteringstilskotet gir blant anna tilskot til nyetablerte fastlegar med få innbyggarar på lista, slik Allmennlegeforeningen føreslår i sin modell, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Sp krev fortgang

I februar vedtok Stortinget ei rekke tiltak for å korta ned legelistene og sikra betra rekruttering (sjå faktaboks).

Kjersti Toppe (Sp), nestleiar i helsekomiteen, bad nyleg helseminister Bent Høie (H) om ein framdriftsplan.

– Ei finansieringsordning må på plass snarast mogleg. 2019-budsjettet er absolutt siste frist, meiner ho.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) viser til at ein er i gang med å greia ut alternativ til dagens finansieringsmodell og normtal for listelengde.

– Me meiner me må venta på resultata før me konkluderer med større omleggingar. I mellomtida må det gjerast tiltak for å betra rekrutteringa. Her er me allereie i gang, seier Bjerke, og viser til rekrutteringsprosjektet Alis-vest.