Hopp til innhold

– Umogleg å vite om han ville lage atombombe

For Christoph Bach var sjansen til å spele Werner Heisenberg i Kampen om tungtvannet alt han hadde venta på.

Kampen om tungtvannet Heisenberg

HEISENBERG: Christoph Bach speler den tyske fysikaren og nobelprisvinnaren Werner Heisenberg i Kampen om tungtvannet.

Foto: Filmkameratene AS/Jiri Hanzl / Filmkameratene AS/Jiri Hanzl

– Når ein les dei historiske kjeldene er framstillinga av han veldig sprikande. Å finne sanninga er nærast eit håplaust prosjekt, seier Christoph Bach.

I dag var han i Bergen for å fortelje om arbeidet med Kampen om tungtvannet, og karakteren han spelar, den tyske nobelprisvinnaren og fysikaren Werner Heisenberg. For å førebu seg gjekk Bach gjennom mellom anna biografiar, private notat og brevvekslinga mellom Heisenberg og kona.

– Som ein politikar under stort press

Werner Heisenberg (Christoph Bach)

Christoph Bach

Foto: Filmkameratene AS / Filmkameratene AS/Jiri Hanzl

Spørsmålet mange har stilt seg etter Kampen om tungtvannet er om Heisenberg verkeleg ønskte å lage ei atombombe. Det er vanskeleg å vite, seier Bach.

– Kvifor blei han verande? Det er så mange moglege svar. Kanskje var han berre ein ansvarleg lærar? Ein dedikert vitskapsmann? Kvifor brukte han så lang tid på å bygge reaktoren?

– I det han har skrive etter krigen ser du ein mann som ikkje er i stand til å snakke opent om denne tida. Alt er så forsiktig konstruert, han er openbart svært nervøs når han skriv om dette, nesten som ein politikar under stort press. Men overfor seg sjølv stiller han seg spørsmål om denne tida, spørsmål som er større enn han, seier Bach.

LES OGSÅ: Snakket Bohr og Heisenberg verkeleg engelsk saman?

– Heisenberg er midt mellom godt og vondt

Bach vaks opp i ein liten landsby, like ved der Heisenberg jobba då han måtte forlate Berlin på grunn av den massive bombinga.

Kampen om tungtvannet

KAMPEN OM TUNGTVANNET: Serien er seld til over 15 land så langt.

Foto: Filmkameratene AS/Jiri Hanzl

– Eg hugsar læraren vår fortalde om han, og eg fekk eit bilete av han som ein svært intelligent mann som arbeida med noko veldig farleg. Då me førebudde oss til serien, prøvde me å vere svært kritiske i arbeidet med karakterane våre. For meg handla det om å syne at Heisenberg var noko midt i mellom godt og vondt, han var noko i gråsona.

– For ein skodespelar er ein karakter som han alt du ventar på – svært kompleks og utfordrande.

LES OGSÅ: Var Werner Heisenberg homofil?

Forventar å selje til Tyskland

Kampen om tungtvannet er seld til land som Danmark, USA, Spania og Nederland. Serien er enno ikkje seld til Tyskland, men filmskaparane forventar at dette vil komme etter kvart.

Bach er usikker på korleis serien vil bli tatt i mot i Tyskland.

– Eg veit ikkje om det finst eit lett svar på det. Forhåpentlegvis vil det tyske publikumet vere veldig interessert i serien og det norske eller engelske perspektivet på ein karakter som Heisenberg.

LES OGSÅ: Gjenskaper tungtvannsaksjonen