Hopp til innhold

– Uforsvarleg og svært farleg

Hadde politiet sett dette ville føraren blitt meldt til politiet og fått køyreforbod på staden.

Video 78669e2c-cc50-4c0b-9832-d32c0158a7f3.jpg

- Dette er farleg, seier politiet.

– Dersom lasta hadde falle av i fart, kunne det ha kome i vegen for dei som kjem køyrande bak. Slike situasjonar bli fort livsfarlege, seier leiar av trafikkseksjonen på Bergen sentrum politistasjon, Jens Kleppe.

Kleppe reagerer sterkt på måten den kommunale bilen fraktar usikra last.

NRK filma denne bilen på veg oppover Fjøsangervegen i Bergen søndag ettermiddag.

Bergen kommune køyrer usikra last

Bergen kommune køyrer usikra last.

Foto: Marion Solheim / NRK

– Tilsynelatande heilt usikra

Kleppe har sett på bileta av bilen saman med NRK. Han leitar etter stroppar og liknande som sikrar lasta, men på bileta ser det ut som om lasta er heilt usikra.

– Det ser ikkje ut som denne lasta er sikra på nokon måte. Det er ikkje lovleg å frakte last på denne måten. Det ser veldig tvilsamt ut, seier Kleppe.

– Kan få fatale konsekvensar

Politioverbetjent Jens Kleppe

Leiar i trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon, Jens Kleppe, seier usikra last fort kan skape farlege situasjonar.

Foto: Guro Valland / NRK

Når lasta ikkje er sikra, skal det ikkje mykje til før situasjonen blir farleg.

– Det farlegaste som kan skje er at lasta fell ned i vegen, og at dei som kjem bak krasjar med det. Sjølv om ein berre held 50 kilometer i timen, kan ein slik situasjon få fatale konsekvensar. Spesielt gale kan det gå dersom det er ein motorsyklist som kjem bak, seier Kleppe.

Kleppe reagerer òg på at dette ser ut til å vere eit kommunalt køyrety.

- Kommunen burde gå fram med eit betre eksempel enn dette, seier Kleppe.

– Sjåføren kunne mista førarkortet

Dersom denne sjåføren hadde blitt teken i kontroll hadde han møtt kraftige reaksjonar.

– Sjåføren hadde iallfall blitt meldt til politiet, og han hadde ikkje fått lov til å køyre vidare. Dersom politiet meiner at sikringa av lasta er så uforsvarleg at det kunne oppstått ein farleg situasjon, hadde føraren mista førarkortet. I tillegg er skiltet bak ikkje synleg. Dette er heller ikkje lov, seier Kleppe.

– Dette skal ikkje skje

Informasjonsdirektør i Bergen kommune, Eva Hille, blir overraska når ho får sjå bileta frå NRK.

- Eg ser at dette skapar fare, og slikt skal ikkje skje, seier Hille.

Etter å ha snakka med sjåføren seier Hille at bakluka skal ha sprotte opp undervegs. Kommunen skal no sjå på alle bilane sine for å finne ut om det er feil eller manglar som må reparerast.