– Uakseptabelt at velta tre gir straumbrot

Velta tre på kraftlinjer fører til straumbrot for tusenvis av nordmenn. – Meir ekstremvêr krev breiare hogst langs linjene, meiner kritikar.

RYDDAR MED SPRENGSTOFF PÅ OSTERØY: Når skaden først har skjedd er det ofte kraftige verkemiddel som må takast i bruk. Foto: Alrik Velsvik (NRK)

– Både nettselskapa og styremaktene gjer for lite for å hindra at tre som veltar i uvêret kuttar straumen, seier Steinar Larssen, tidlegare informasjonsansvarleg i Hedmark Energi.

– Med klimaendringar og hyppigare ekstremvêr må styremaktene krevja større avstand frå kraftlinjene til skogen rundt, meiner han.

Tusenvis ramma

I stormane, som trefte landet denne veka, førte velta tre til at tusenvis av nordmenn mista straumen.

Særleg hardt råka vart Nord-Gudbrandsdalen, Sørlandet og Hordaland.

På Osterøy førte trevelt til straumbrot for rundt 3000 innbyggjarar. Ein stad fall eit svært tre over ein høgspentleidning. Ifølge naboar har det skjedd tre gonger på same staden.

Montørformann Terje Myrmel i kraftselskapet BKK meiner skogen der burde vore hogd vekk for lenge sidan.

– Eg har vore her før og fjerna tre frå linja. Dette blir for dumt.

Meiner ein gjer nok

I Hordaland førte velta tre til straumbrot på 22 av BKK sine høgspentleidningar og hundrevis av mindre kraftlinjer. Divisjonssjef Jens Skår meiner likevel selskapet gjer nok for å rydda skogen langs kraftlinjene.

– Rutinen er at me i løpet av fem år ryddar langs alle små og store linjer. Utfordringa er når det står store tre utanfor den hogstgata me har rett til å rydda.

Gjengangaren på Osterøy tar han likevel sjølvkritikk på.

– Der burde me kanskje gjort meir for å få ei ekstraordinær avtale med grunneigaren om ekstra brei hogst.

Jens Skår

RYDDAR KVART FEMTE ÅR: Jens Skår er divisjonssjef i BKK.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kundane betalar

Han vedgår at straumkundane betalar for alltid å vera sikra straum.

– Det vil alltid vera mogeleg å få 100 prosent sikker straumforsyning, men det er vanskeleg å finna balansen mellom forsyningstryggleik og kostnadar som aukar nettleiga for kundane, seier Skår.

BKK seier det vanlegaste er at tre fell ned på linjer med såkalla mellomspenning på 22 kilovolt. Der er minstekravet i dag 7,5 meter hogstgate på kvar side.

– Det er katastrofalt. Dagens krav tar ikkje omsyn til at ekstremvêr med kraftigare vind og meir konsentrert nedbør har endra føresetnadane totalt, meiner Steinar Larssen.

Han meiner kraftlinjene bør ha 50 meter klaring på kvar side.

Tre over kraftlinje på Osterøy

TRE OVER KRAFTLINJE: Resultatet er straumbrot for mange.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ingen bestemte krav i dag

Det er i dag ikkje fastsett noko krav til kor breie hogstgatene skal vere. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opplyser at dei har minstekrav for avstand til tre og annan vegetasjon. Hogstgatene må netteigarane risikovurdere og sjølv avklare med grunneigar.

Seksjonssjef Eldri Naadland Holo i Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner breiare hogstgater ikkje nødvendigvis er løysinga.

– Mange stader vil dette krevja svært breie gater.

Ho meiner ressursane i staden bør brukast til å rydde skogen på dei plassane der den utgjer størst risiko.

Eldri Naadland Holo

– YNSKJER IKKJE GENERELLE KRAV TIL BREIE HOGSTGATER: Eldri Naadland Holo er seksjonssjef i NVE.

Foto: NVE